Hopp til innhald

Vinteren ved fjordane

Det er noko spesielt og mystisk med å utforska vinteren ved fjordane: Den friske, skarpe lufta og dei unike nyansane av blått lys som kjærteiknar det snødekte landskapet.

Vinteren ved fjordane passar for alle. Du kan velje mellom mange ulike aktivitetar, uansett om du føretrekkjer å dra på eit fjordcruise, rase gjennom fjorden på ein RIB-båt eller berre nyte den spektakulære utsikta i fredelege omgjevnader. I Flåm kan du skape ditt eige eventyr, akkurat slik du vil ha det.

Fjordcruise i Nærøyfjorden

Fjordcruise i Nærøyfjorden

Opplev eit av de vakraste og mest populære fjordområda i Noreg – bli med på fjordcruise i Nærøyfjorden, som er på UNESCO si verdsarvliste. Denne smale og spektakulære fjorden er omringa av bratte fjell med snødekte toppar som strekk seg opptil 1800 meter over havet.

Flåmsbana

Flåmsbana

Flåmsbana gjev deg ei av dei finaste togreisene i verda, og du får panoramautsikt over nokre av dei villaste og mest praktfulle fjellandskapa i Noreg. Togturen tek deg gjennom den snødekte Flåmsdalen – eit ekte vintereventyrland. Turen startar i sentrum av Flåm, som ligg berre 2 meter over havet, og endar ved Myrdal stasjon, 866 meter over havet.

Vatnahalsen Hotell

Vatnahalsen Hotell

Frikøyrarar kan kombinere ski og tog på Vatnahalsen Hotell, også kjent som Norden sitt svar på St. Moritz på 1930-talet. Vatnahalsen er også ein ypparleg stoppestad på Flåmsbana dersom du ønskjer å ete ferske vaflar, gå ein tur på ski eller ganske enkelt slappe av i fjella.

Fretheim Hotel

Fretheim Hotel

Historiske Fretheim Hotel byr på genuin gjestfridom under opphaldet ditt. Hotellrestauranten har som mål å gje gjestane fantastiske gourmetopplevingar basert på lokale og sesongbaserte ingrediensar, servert i ein moderne stil. Gjestane har nytt godt av den framifrå gjestfridomen sidan slutten av 1870-talet. Fretheim Hotel har ein lang tradisjon for å dekkje gjestane sine behov.

Utsiktspunktet Stegastein

Utsiktspunktet Stegastein

Ei anna oppleving du ikkje bør gå glipp av, er utsiktspunktet Stegastein, 650 meter over Aurlandsfjorden. Den spektakulære utsikta over fjorden og fjella gjer at plattformen er den perfekte staden å ta feriebilete frå.

Bli med på ein opplevingstur med guide – eigna for heile familien!

Bli med på ein opplevingstur med guide – eigna for heile familien!

Dersom du vil kome nærare naturen, kan du vere med på ein vinterfjordsafari – ein morosam og engasjerande tur i ein rask RIB-båt i Nærøyfjorden. Eller kanskje du vil ta ei storslegen trugevandring i fjella over Aurlandsfjorden. Vi kan også by på ei kulturell kveldsvandring i og rundt Flåm, der lokalbefolkninga gjev deg førstehands innsikt i historia til Flåm.

Vikinglandsbyen Njardarheimr

Vikinglandsbyen Njardarheimr

Opplev vikinglandsbyen Njardarheimr i Gudvangen! Her kjem du tett på det autentiske livet til vikingane når dei ikkje var ute på tokt.