Hopp til innhald

Om Flåmsbana

Opplev Flåmsbana, den utrulege togreisa frå høgfjellsstasjonen Myrdal på Bergensbana ned til Flåm stasjon heilt inst i Aurlandsfjorden.

Den flottaste togreisa i verda

Flåmsbana blir rekna som ein av dei viktigaste og mest spektakulære turistattraksjonane i Noreg. Denne spennande jernbanestrekninga trekkjer kvart år til seg menneske frå heile verda, og vart i 2014 kåra til den vakraste togreisa i verda av Lonely Planet.

Toglinja mellom Myrdal og Flåm er open heile året. Turen med Flåmsbana gir deg panoramautsikt over noko av det villaste og mest storslåtte som finst av norsk fjellnatur, uansett årstid. Her ser du elvar som skjer seg gjennom djupe gjel, buldrande fossar som kastar seg utfor bratte fjellsider med snødekte toppar og fjellgardar som klamrar seg fast i bratte skråningar. Nede frå fjellet kan du nyte det vakre kulturlandskapet i Flåmsdalen og beundre den vakre Aurlandsfjorden. Aurlandsfjorden er ein sidearm av Sognefjorden, den lengste fjorden i verda.

Ingeniørkunst

Flåmsbana er ei av verdas brattaste jernbane strekk på normalspor. Den 20 km lange strekninga har ein høgdeforskjell på heile 866 meter, ei gjennomsnittleg stigning på 1 meter per 18 meter. Vendetunnelen som går i spiral inn og ut av fjellet, er eit vitnemål om noko av den mest dristige og kyndige ingeniørkunsten i norsk jernbanehistorie.

Ein tur med Flåmsbana passar for alle, anten du er på familieferie eller på aktiv ferie. Du kan kombinere Flåmsbana med vandring eller sykkeltur langs Rallarvegen – her er du er velkomen til opplevingar du aldri gløymer!