Hopp til innhald

Strekninga Flåm til Myrdal

Flåmsbana byr på det meste: Frå vakkert fjordlandskap nede ved havet til vilt fjellandskap med snødekte toppar. Gjennom frodig kulturmark og historiske tradisjonar heilt tilbake til heidensk tid.

På den 20 kilometer lange togturen kjem du til å oppleve noko av det villaste, vakraste og mest storslåtte av norsk natur. På høgfjellsstasjonen Myrdal, 866 meter over havet, møtest Flåmsbana og Bergensbana for vidare togsamband mot Oslo og Bergen.

Gjennom den eventyrlege Flåmsdalen

Toget forlèt den blå fjordarmen, Aurlandsfjorden, og det milde og frodige kystklimaet. Etter tre kilometer ser du den tjørebrune trekyrkja i Flåm frå 1667, som ligg så vakkert til. På garden ved sidan av kyrkja står ein høg bautastein til minne om diktaren Per Sivle, som vart fødd på nettopp denne garden. Deretter følgjer den imponerande Rjoandefossen som kastar seg 140 meter loddrett nedover fjellsida.

Flåmsbana kryssar dalen og elva tre gonger på turen frå Flåm til Myrdal. I staden for å byggje bruer, valde utbyggjarane å føre elva i tunnelar under jernbanelinja. På Berekvam stasjon er det kryssingsspor der tog i kvar si retning kan passere kvarandre, med vakkert utsyn mot ville fjellsider og brusande bekkar mot elva langt nede i det tronge, djupe elvegjelet.

Ved Blomheller ser du tydelege bevis på at Flåmsdalen ikkje berre er idyll og vakkert landskap. Spor i fjellsidene etter snøskred og steinsprang viser at naturkreftene ikkje er til å spøkje med. Eit nytt innslag er den moderne fjellstølen for geiter på stølsvollen i Kårdal. Dei 150 geitene er eit populært fotomotiv. Landskapet rundt stølen har eit vell av vakker natur, som ein sjeldan finn maken til. Grøne marker langs elvebreidda, lier med vakker bjørkeskog og snødekte fjelltoppar i bakgrunnen.

I det toget kjem ut av den lengste tunnelen på Flåmsbana, 1320 meter lange Nåli, openberrar det seg ei eventyrleg utsikt til den vidare jernbana, i fire avsatsar opp mot Myrdal stasjon. Samstundes ser du den gamle transportvegen som buktar seg i 21 svingar opp det bratte Myrdalsberget. Toget tek eit opphald ved den kjende Kjosfossen. Ingen andre stader kan jernbaneturistar nyte synet av eit så imponerande fossefall.

Toget køyrer deretter inn i vendetunnelen som svingar 180 grader inne i fjellet. Gjennom eit «vindauge» i fjellvegen har du panoramautsikt over det ville Kårdalspartiet, med elva som eit band av sølv nedst i dalbotnen. På den andre sida reiser den bratte Bergvegen seg med jernbanesporet innfelt på ei smal hylle i fjellsida. Toget passerer Reinungavatnet, ei flott perle av eit fjellvatn og kjelda til Kjosfossen. Ved Vatnahalsen får du den siste storslåtte utsikta over fjell og vidde. Tradisjonsrike Vatnahalsen Høyfjellshotell ligg like ved stasjonen og er eit godt utgangspunkt for fotturar, sykkeltur på Rallarvegen og turar i det nydelege skiterrenget vinterstid.

På høgfjellsstasjonen Myrdal, 866 meter over havet, møtest Flåmsbana og Bergensbana for vidare togsamband mot Oslo og Bergen.