Hopp til innhald

Historisk informasjon

Flåmsbana, som går gjennom den tronge og vakre Flåmsdalen, blir rekna for å vere eit meisterverk innanfor norsk ingeniørkunst. Les meir om historia til Flåmsbana her.

Oversikt:

1871 Dei første planane blei lagt fram av forstmeister Hans Gløersen frå Voss. Det blei foreslått å byggje ei sidebane til jernbana mellom Bergen–Oslo–Stockholm.
1893–1903 Fleire alternativ til trasé blei undersøkte: Myrdal–Flåm og Voss–Stalheim–Gudvangen.
1904–1916 Ulike banealternativ blei vurderte: landevegstrikk, kabelbane, tannstongbane eller adhesjonsbane. Ingeniørane og dei som skulle avgjere, vurderte smalspor (1067 mm), normalspor (1435 mm), damplokomotiv, drivstoffbaserte tog og elektriske tog.
1908 Stortinget inkluderte Myrdal–Flåm i jernbaneplanen. Talet på reisande kvart år, blei rekna ut til 22 000.
1916 Stortinget vedtok adhesjonsdrift på normal sporvidde.
1923 Stortinget vedtok elektrisk drift og ein løyvingsplan for heile anlegget.
1924 Eit sentralt år for Flåmsbana, då bygginga av den 20,2 km lange jernbana starta. 20 tunnelar blei planlagt, og 18 av dei måtte gravast ut med handkraft. Det å bore ut éin løpemeter med tunnel kravde eit månadsverk. Tunnelane var på totalt 5692 meter. Arbeidsstokken varierte mellom 120 og 220 personar. Innsatsen på bana varierte i takt med den nasjonale økonomien, som igjen blei påverka av internasjonale konjunkturar.
1936 Arbeidet med å legge skjener starta. Eit lite damplokomotiv tok dei tyngste lassa.
1940 Dette var året jernbana skulle fullførast. Elektrisk lokomotiv blei levert, og det kom kraftverk ved Kjosfossen. Ein håpa på å kunne opne Flåmsbana for trafikk i 1942. Då krigen braut ut i april 1940, stod det att å leggje fem kilometer skjenegang. Okkupasjonsmakta kravde at arbeidet med bana skulle førast vidare, og allereie 1. august 1940 blei toga sette i drift.
1940–1942 Godstrafikken blei utstyrt med damplokomotiv (NSB type 25, nr. 228, 455, 424 og 425) med maksimalt åtte akslar og bemanna skurebrems på kvar vogn. Køyretida var 65 minutt nedover, og 80 minutt oppover. Halvveges, på Berekvam stasjon, var det eit vasstårn.
1941 Frå og med 10. februar kunne bana køyre persontrafikk, etter at tre lokomotiv fekk ekstra lokomotivbremsar. Departementet vedtok at namnet skulle vere Flåmsbana.
1942 Anlegget blei formelt overlevert til NSBs kontor i Bergen. Regulær trafikk starta 1. mai 1942.
1944 Tyskarane fullførte det nye kraftverket i Kjosfossen, og Flåmsbana fekk elektrisitet. Transformatorane til dei elektriske lokomotiva blei utsette for sabotasje og sprengde i filler av ei norsk motstandsgruppe frå Oslo. Elektrisk drift blei utsett til 24. november.
1947 Elektriske lokomotiv (El 9) blei leverte, og dei første aluminiumsvognene kom på plass. Det var endeleg på tide å avvikle dampdrifta også på Flåmsbana.
1940–1952 Talet på passasjerar auka i gjennomsnitt med 11 prosent i året.
1953–1969 Persontrafikken på Flåmsbana stabiliserte seg på ca. 115 000 reisande kvart år. Flåmsbana blei sjeldan omtalt positivt i aviser og tidsskrift. Diskusjonen og meldingane i media handla stort sett om nedlegging. Men det kom stadig forbetringar. Vognene fekk høgtalarar, og Kjosfossen haldeplass fekk perrong (1968).
1958 Sovevogn blei tilgjengeleg på turen til Oslo, og tilhengarane av dette oppnådde dermed ein stor politisk siger.
1969–1979 Trafikken auka i gjennomsnitt med 10 prosent i året, og talet stabiliserte seg på ca. 175 000 reisande.
1976 Jernbanerestauranten på Myrdal stasjon blei lagt ned, etter nesten 70 års drift.
1978 Morgonekspressen frå Oslo byrja å stoppe på Myrdal stasjon.
1979–1989 Det var stor vekst i talet på passasjerar, særleg i byrjinga av 1980-åra. Med 200 000 reisande i året stilna diskusjonen om å legge ned bana.
1982–1983 Nye lokomotiv erstatta El 9 etter 35 års drift. Ombygde El 11 blei sett i drift. I 1984 blei den elektriske motorvogna BM 69 introdusert.
1992 Flåm fekk vegsamband då heilårsvegen mellom Oslo og Bergen blei åpna.
1992–1994 Ny stasjonsbygning opna i Flåm i 1992, og i 1994 blei jernbanerestauranten på Myrdal stasjon gjenopna. Trafikken auka dramatisk, og nådde 380 000 reisande i 1994.
1997 Sovevognene på Flåmsbana blei fasa ut.
1998 Flåmsbana blei tatt over av Flåm Utvikling AS, med ansvar for sal og marknadsføring, for å sikre heilårsdrift av jernbana. Flåmsbana blei den første privateigde jernbanestrekninga i Noreg. Det blei gjort store investeringar i nye togsett, seks El 17-lokomotiv og tolv vogner med nostalgisk interiør. Omvisarar blei hyra inn og det blei oftare togavgangar: Ti avgangar dagleg i sommarsesongen.
2000 Plattforma på Kjosfossen haldeplass blei bygd om til ein stor og open terrasse.
2005 Flåmsbana sette ny passasjerrekord med 475 033 reisande.
2010 Eit nytt informasjonssystem med LCD-skjermar og datastyrt høgtalarguide blei installert om bord i toget. På denne måten får kundane nyttig informasjon undervegs, i form av lyd, tekst og bilete. Informasjonen finst på 15 ulike språk, med maksimalt tre ulike språk per vogn per avgang.
2010 National Geographic Traveler Magazine kåra Flåmsbana til ei av de ti vakraste togreisene i Europa.
2011 The Society of International Railway Travelers kåra Flåmsbana til ei av verdas 25 vakraste togreiser.
2011 Ny passasjerrekord: 618 557
2012 Ny passasjerrekord: 635 368
2013

Ny passasjerrekord: 718 195

2015

Ny passasjerrekord: 781 427