Fretheim Hotel har totalt 122 rom i ulike kategoriar, alle med vakker utsikt over fjordlandskapet og fjella rundt. Romkategoriane på hotellet speglar ulike periodar i historia til hotellet frå 1870 til i dag.
Plasseringa til Fretheim Hotel i Flåm gjer oss til ein ideell stad for møter og konferansar. Vi tilbyr ulike typar konferansekonsept og skreddarsyr alle pakker etter dine behov, anten det er mindre styremøter eller større arrangement.
Fretheim Hotel tilbyr eit rikt og variert program med aktivitetar og arrangement heile året. Med fokus på på underhaldning, kulinariske opplevingar og spektakulær natur, finn du noko for alle.