Hopp til innhald

Om Fretheim Hotel

Dei første utlendingane som kom til Flåm var laksefiskarar, for elva var rik på fjellaure og laks. Dette freista mange velståande engelskmenn og seinare ivrige fiskeentusiastar frå Bergen og omland.

Engelske lordar og laksefiske

I 1870 leigde Lord Wigram fiskerettane i Flåmselvi. Dei første utanlandske turistane som vitja Flåm var sportsfiskarar som blei lokka av stor laks og aure i elva. Mange velståande engelskmenn følgde Lord Wigrams eksempel. Det var ikkje uvanleg for ein heldig fiskar å fange ti laks på ein god dag.
Fiskarane budde ofte på garden til Christen Fretheim, den rikaste mannen i bygda, som var både driftig og fysisk imponerande. Han tok over garden i 1879. I 1890 oppretta han postkontor, og fem år seinare starta han eit skipsfraktkontor.

Frå gard til hotell

Gjestane sette pris på gjestfridomen på Fretheim gard, og snart bygde dei eit hotell for å kome gjestane sine behov i møte. Ikkje overraskande kalla innbyggjarane det første huset på Fretheim gard for Engelskvillaen.
Hotellet blei raskt fylt opp av ivrige fiskarar, turistar og anleggsfolk. Behovet for transport var så stort, at Christen Fretheim opna ein skysstasjon i 1902. Han sysselsette 10 kuskar på heiltid, og hadde 14 hestar på stallen. Så tidleg som i 1908 kom det 79 skip med totalt 10 202 turistar innom bygda Gudvangen, inst i Nærøyfjorden. Lokale båtar frakta 4500 fleire menneske "til sjølve hjartet av det vakraste landskapet, med eit vell av fantastiske utsikter".

Marthe Fretheim

Christen Fretheim gifte seg med unge frøken Hertzberg, som døde tidleg i 1903, før dei hadde fått barn. I 1909 kom Marthe Fretheim, kusina til Christen, for å hjelpe til. Ho var ein framifrå organisator, og tok snart ansvaret for oppgåver både inne og ute på hotellet. Christen hadde verken tid eller interesse for detaljar som å mate grisane på garden eller spreiing av gjødsel, men heldigvis meistra Marthe slike viktige oppgåver med stor dugleik.
Ho hadde sans for hagebruk, og hotellhagen hennar blei snart berømt. Gjestane sette stor pris på gjestfridomen, og det gode stellet dei fekk frå Marthe. Når fleire vogner frakta 10–15 gjestar opp på fjellet, sørgde Marthe for at eit lag isolerande avispapir var festa på kleda, og at alle hadde ei flaske med varmt vann. Marthe Fretheim passa godt på at alle gjestane hadde det komfortabelt, og om kvelden gjekk ho saman med dei opp på rommet medan ho lyste med eit stearinlys. Ho behandla dei tilsette med same omsorg og respekt.
Sjølv om Christen Fretheim døde i 1916, var Marthe på hotellet resten av livet. Nokre trur at ho framleis har ei hand med i laget for å sikre at hotellet er vennleg og veldrive. Segna seier at ho gjeng ei runde kvar natt for å sjå til at alt er bra med gjestane og hotellet ho er så glad i.

Hotellet si nyare historie

Marthe Fretheim døde i 1933, og niesa og nevøen, Astrid og Atle A. Fretheim, fekk ansvaret for drifta av hotellet. I 1958 kom Hans Petter Thorud inn som direktør, men framleis var det Fretheim-familien som åtte hotellet. I 1979 blei hotellet selt til familien Sørvig frå Lillehammer, som endra namnet frå Fretheim Hotel til A/S Langseth Hotell. Men namnet blei snart endra attende til A/S Fretheim Hotell, og i 1982 kjøpte Thorud-familien hotellet og dreiv vidare med namnet Fretheim Hotell AS.
I 1997 blei Fretheim Hotel selt til Aurland Ressursutvikling AS. I september 1999 starta arbeidet med å utvide hotellet, og nybygget stod ferdig i mai 2000. Det er framleis Aurland Ressursutvikling som driv hotellet, og den eldste delen er no renovert og inneheld staselege selskapslokale og konferanse-/arrangementsfasilitetar.

Medlem av De Historiske Hotel og Spisesteder

Fretheim Hotel er stolt medlem av den norske organisasjonen De Historiske Hotel & Spisesteder.

Dette er ein unik organisasjon, som omfattar mange av dei mest sjarmerande hotella og serveringsstadene i Noreg. Medlemskapet blir sett på som eit kvalitetsstempel for selskapet, og inneber at ein må følgje opp strenge krav og forventningar når det gjeld kvalitet, arkitektur og bevaring av historiske verdiar. Organisasjonen er internasjonalt tilknytt til Historic Hotels of America, som er støtta av National Trust for Historic Preservation.
Som medlem av De Historiske Hotel & Spisesteder, er målet vårt å skape nye historier for gjestane gjennom spennande opplevingar med historia som bakteppe. Me vonar at desse historiene held fram med å dukke opp i minna til gjestane lenge etter at dei er heimkomne.

Me tilbyr mykje meir enn berre ei komfortabel hotellseng og eit smakfullt måltid. Me representerer ein rikdom av opplevingar for både kropp og sjel. Fretheim Hotel er der di eiga historie blir skapt!