Hopp til innhald
To syklistar på veg nedover Rallarvegen i Flåmsdalen møter Flåmsbana og to turgåarar på veg oppover ein fin sommardag
Vision of The Fjords seglar på Nærøyfjorden ein fin vinterdag med snøkledd fjell bak
En ung kvinne og en mann ser utover Aurlandsfjorden og snødekt vinterlandskap fra Stegastein utsiktspunkt
Flåmsbana på veg nedover Flåmsdalen ein fin vinterdag med snøkledd landskap
Ei kvinne og to menn står ved lobby bar på Fretheim Hotel med eit glass gløgg i henda og ser kjøkkensjef presentere spekemat til smaking

Aktiv konferanse

Flåm er kjent for spektakulær natur og naturbaserte opplevingar. Vi anbefaler at du kombinerer konferansen eller møtet ditt på Fretheim Hotel med å utforske nokon av aktivitetane området vårt har å by på. Vi tilpassar konferansepakkane etter dine behov og ynskjer.

Aktiv konferanse med spektakulære, berekraftige opplevingar

Medan dykk er på Fretheim Hotel, ta med kollegaene på ein tur med Flåmsbana eller eit fjordcruise på Nærøyfjorden med det prisvinnande fartøyet Future of The Fjords. Begge er aktivitetar ein bør få med seg når ein er i området. For dei miljøbevisste, er vi stolte av å kunne seie at både toget og cruiset går på elektrisitet.

Reiser dykk til Flåm med offentleg transport, kan både Flåmsbana og Fjord Cruise Nærøyfjord flettast inn som ein naturleg del av reisa.

Me tilbyr følgjande aktivitetstypar:

  • Flåmsbana – ei av dei vakraste togreisene i verda
  • Fjord Cruise Nærøyfjord – vitje verdsarvlandskapet som er på UNESCOs liste
  • Stegastein utsiktspunkt – fantastisk panorama over Aurlandsfjorden
  • Gå eller sykle i Flåmsdalen eller langs den gamle anleggsvegen (Rallarvegen).
  • Kombinere ein tur med Flåmsbana med ein vandretur saman med ein lokal guide
  • Sidersmaking på Fretheim Hotel
  • Ølsmaking på Ægir i Flåm
  • Fjordsafari – ein tur på fjorden i ein open RIB

Aktivitetar heile året

Det er mange moglegheiter for aktiviteter året rundt, uavhengig av kor mykje tid dykk har til rådigheit. Nyt panoramautsikt over Aurlandsfjorden og verdsarvlandskapet frå Stegastein utsiktspunkt, gå Aurlandsdalen eller at ein ettermiddagstur til Brekkefossen, smak lokalt øl på Ægir eller bli med på Fjord Safari i ein open RIB.

Teambuilding på sykkel og zipline

Planlegg du eit event eller møte på hausten? Kvifor ikkje starte med sykkeltur på Rallarvegen, og få frisk luft, nydeleg natur og eit adrenalinkick med den lengste ziplinen i Skandinavia på vegen til Flåm?

Flåm Zipline er open kvar dag frå mai til midten av oktober og kan òg kombinerast med Flåmsbana. Rallarvegen er open for sykling frå midten av juli til midten av oktober. Finse til Flåm kan syklast på ein dag.

Skreddarsy konferansen

Hotellet tilbyr et breitt utval av moglegheiter, slik at du kan skape eit unikt møte.

Kontakt salsavdelinga salg@fretheimhotel.no Tlf.: +47 57 63 63 00