Hopp til innhald
Vestlandsbuffet til konferanse
Vestlandsbuffet til konferanse
Fretheim Hotel
Fretheim Hotel
Cruise eller konferanse på fjorden
Cruise eller konferanse på fjorden

Grønne konferanser

På Fretheim Hotel tar vi miljøet på alvor, også i konferanseavdelinga. No kan våre miljøbevisste kundar arrangere Grønn Konferanse hjå oss.

Miljøsertifisert hotell

Vi ynskjer å bevare og gjera vår lange og spanande historie levande, samtidig som at vi gjer vårt beste for å ta vare på miljøet og naturen rundt oss. Fretheim Hotel har vore miljøfyrtårnsertifisert sidan 2006, og i desember 2018 vart vi også sertifisert som tilbydar av Grønne Konferanser.

Konseptet Grønne Konferanser vart oppretta av Stiftelsen Miljøfyrtårn i 2012, med målsetjing om eit meir berekraftig alternativ til konferansar.

Grønne Konferanser

Alle kan arrangere konferanser og møter hjå oss, men for å invitere til ein Grønn Konferanse må arrangør vera miljøsertifisert eller kunne dokumentere at ein er i prosess for å verta det.

Konferanser på Fretheim Hotel vert gjenomført i henhald til krava og retningslinjene som er satt for konseptet. Blant anna inneber dette fokus på økologisk mat, mindre bruk av raudt kjøt og menyar tilpassa sjømatguiden til WWF Verdens Naturfond.

Skreddersy din konferanse

For meir informasjon om Grønn Konferanse eller konferanse om bord på Vision of The Fjords, kontakt salsavdelinga vår:

salg@fretheimhotel.no | Tlf: 47 57 63 63 00

Berekraftig alternativ

Vi anbefalar alle våre kundar å reise kollektivt. Ein kjem seg enkelt til Myrdal med Bergensbana frå Oslo og Bergen, og derifrå ned Flåmsbana direkte til Fretheim Hotel. Ynskjer ein aktiviteter under konferanseopphaldet, er eit fjordcruise med det heilelektriske fartøyet Future of The Fjords, på Nærøyfjorden eit godt alternativ.

Nytt for haust 2019 / vinter 2020 er at du kan arrangere konferanser om bord på hybridfartøyet Vision of The Fjords. Båten tar opp til 400 personar og har det du måtte trenge av fasilitetar.