
Konferansepakke Standard
Dette er vår mest populære konferansepakke, som inkluderar middag i restaurant Arven og overnatting i ei natt inkl. frukost. Dette gjev dykk ei perfekt moglegheit til ein sosial kveld med god mat og drikke etter at møtet er ferdig.
Møterom med teknisk utstyr, kaffi og te, forfriskningar og 2-retter lunsj er sjølvsagt óg inkludert.
Standardpakka omfattar:
- Overnatting med frukost
- 2-rettar lunsj
- Forfriskingar
- 3-rettar middag
- Konferanserom
- Kaffi og te
- Standard teknisk utstyr
- Gratis parkering
Dagpakka omfattar:
- 2-rettar lunsj
- Forfriskingar
- 3-rettar middag
- Konferanserom
- Kaffi og te
- Standard teknisk utstyr
- Gratis parkering

Konferansepakke kveldstid
Kveldspakka er for dykk som berre ynskjer møte og middag i vår fortreffelege restaurant Arven. Pakka inkluderer 3-retter middag eller buffet, møterom med teknisk utstyr, kaffi, te og forfriskningar.

Konferansepakke dagtid
Dagpakka er ypparleg for dei som ikkje har moglegheit til eller ynskjer å overnatte i Flåm. Pakka inkluderer møterom med teknisk utstyr, kaffi og te, forfriskningar og ein 2-retter lunsj.

Skreddarsy konferansen
Hotellet tilbyr et breitt utval av moglegheiter, slik at du kan skape eit unikt møte.
Kontakt salsavdelinga salg@fretheimhotel.no Tlf.: +47 57 63 63 00

Mat og forfriskingar
Mat og drikke er ein nødvendig del av alle lengre møter og konferansar. Vi har som målsetjing å gje våre gjestar ei god, kulinarisk oppleving frå alt vi serverer – anten det er lunsj, forfriskningar i møterommet eller middag i restaurant Arven. Til konferansegjester anbefaler vi Vestlandsbuffeten vår, som bognar av lokale råvarer med alt frå prisvinnande ostar, salatar, ulike typar spekekjøt, reinsdyr, fisk og kaker frå Flåm Bakeri.