Hopp til innhald

Bryllaup

Ei perfekt ramme

Fretheim Hotel tilbyr ei eineståande ramme for eit romantisk bryllaup, med historisk sjarm, ein vakker hage og nær fjorden. Fretheim Hotel tilbyr fleire store, elegante og stilfulle selskapslokale.  Vi tilbyr private rom for mindre arrangement.  

Nokre av høgdepunkta i livet fortener historiske omgivnader!

Bryllaupsplanleggjar

Bryllaupsdagen er fylt med spenning, begeistring og forventingar. Det er viktig at alle detaljar blir tekne hand om. Bryllaupsplanleggjaren vår arbeider tett med deg under heile prosessen, og syter for at kvar einaste detalj blir passa på, slik at draumen din blir oppfylt. 

Seremoniar

Aurland kommune har fire vakre kyrkjer du kan velje mellom, alle i nærleiken av Flåm: Vangen kyrkje i Aurland, Flåm kyrkje i Flåm, Undredal kyrkje i Undredal og Bakka kyrkje i Nærøyfjorden.  Dersom du heller vil ha humanistisk vigsle, kan me arrangere dette på hotellet, anten i hagen eller i eit av dei historiske selskapslokala.

Velkomen til ei vellukka bryllaupsfeiring på Fretheim Hotel.

Kontakt salsavdelinga  Tlf.: +47 57 63 63 00

Fotograf

Eit av dei viktigaste vala når du skal gifte deg, er å velje ein god fotograf. Du klarer aldri å oppleve denne viktige dagen og dei dyrebare augeblikka ein gong til. Derfor er det viktig at du er trygg på at alt blir dokumentert for ettertida på ein best mogleg måte.

Me er stolte over å kunne tilby erfarne, lokale fotografar. Kontakt salsavdelinga vår.