Fretheim Hotel

Selskap

Konfirmasjon, bursdag eller anna feiring? Fretheim har stemningsfulle selskapslokale og omgivnader for alle slags arrangement.

tre festsalar og mindre stover

alle typar selskap, frå årsmøte til høgtideleg feiring

lokal mat, kaffimat eller selskapsmeny

historiske omgivnader

Har du planar om konfirmasjon, dåp, bursdagsfest, årsmøte eller firmafest, hjelper vi deg gjerne med arrangementet. I tillegg til restauranten kan vi tilpasse festsalane til både små og store selskap. Desse er elegante og stilfulle og kan ordnast slik at du får ei minneverdig oppleving.

Fleire oppdagar det magiske ved å ha selskap vinterstid. Når rimfrosten på trea skin i lyset frå tende faklar og det er gjort i peisen inne, gir det ei vakker og eventyrleg stemning. På sommaren er det mogleg å bruke den store og flotte rosehagen til å servere velkomstdrink.

Kontakt salsavdelinga vår for å få eit tilbod og eit skreddarsydd opplegg.

Se også

Julebord

Julebord

Vi pyntar til jul og ønskjer velkomen til julehøgtid av det gode gamle slaget. Tradisjonar er viktig, og julematen blir omhyggeleg laga i stand.