Fretheim Hotel

Bryllaup

I over 100 år har historiske, elegante og stilfulle omgivnader vore ramma rundt storslåtte bryllaup på Fretheim Hotel.

  • Historiske festlokale
  • Foajé for velkomstdrink
  • Rosehage og uteområde
  • Selskapsmeny og kaker
  • Bryllaupskoordinator
  • Prøvesmaking av bryllaupsmenyen: Etter avtale

Nokre av høgdepunkta i livet fortener historiske, vakre omgivnader

Fretheim Hotel kan gi deg den rette ramma for eit romantisk bryllaup. Hotellet har ein historisk sjarm og ligg rett ved fjorden. Vi håpar derfor at vi kan bli eit godt val og gi deg ei fantastisk bryllaupsfeiring.

Vi har fleire festsalar som kan brukast på den store festdagen. Og utanfor hotellet har vi ein flott hage som ofte blir brukt til å servere velkomstdrinkar eller fotografere.

Eigen bryllaupskoordinator

Hotellet har ein eigen bryllaupskoordinator som skreddarsyr bryllaupet dykkar etter dei ønska og draumane de måtte ha for dagen.

Det er viktig å ha ein god dialog og følgje opp brudeparet før den store dagen. Vi tilbyr derfor brudepara ei omvising på hotellet og prøvesmaking av bryllaupsmenyen.

Dersom de ønskjer kyrkjevigsel, kan de velje mellom fire kyrkjer i området. Skulle de føretrekkje humanistisk vigsel, kan de ha dette på hotellet, anten i hagen eller i ein av dei historiske festsalane.

Se også