Fretheim Hotel

Feiring av ein spesiell dag

Konfirmasjon, bursdag eller anna feiring? Fretheim har stemningsfulle selskapslokale og omgivnader for alle slags arrangement.

  • Historiske festsalar og mindre stover/sittegrupper
  • Lokal mat og drikke
  • Selskapsmeny
  • Spennande kaffimat

Feiring av ein spesiell dag? Vi hjelper deg!

Har du planar om konfirmasjon, dåp, bursdagsfest, årsmøte eller firmafest, hjelper vi deg gjerne med arrangementet. I tillegg til restauranten kan vi tilpasse festsalane til både små og store selskap. Desse er elegante og stilfulle og kan ordnast slik at du får ei minneverdig oppleving.

Fleire oppdagar det magiske ved å ha selskap vinterstid. Når rimfrosten på trea skin i lyset frå tende faklar og det er gjort i peisen inne, gir det ei vakker og eventyrleg stemning. På sommaren er det mogleg å bruke den store og flotte rosehagen til å servere velkomstdrink.  

Kontakt salsavdelinga vår for å få eit tilbod og eit skreddarsydd opplegg.

Se også

Julebord

Julebord

Vi ønskjer gjestene våre velkomne til ei hyggeleg førjulstid på Fretheim Hotel. Vi pyntar til fest og tilbyr deg og kollegaer, venner eller familie julebord med julematbuffé og god stemning.

Bryllaup

Bryllaup

I over 100 år har historiske, elegante og stilfulle omgivnader vore ramma rundt storslåtte bryllaup på Fretheim Hotel.