Bestillingsvilkår

Bestillingsvilkår

Desse generelle vilkåra gjeld mellom Flåm AS og andre som inngår avtale med Flåm AS i samsvar med stadfestinga (gjesten). Avtalen kan gjelde bueining, reise, kjøp av andre produkt, tenester eller ein kombinasjon av desse.

Kven er ansvarleg: 
Flåm AS, PB 42, N-5742 Flåm. Org.nr. 982 897 424. Flåm AS stiller seg ansvarleg for alle transaksjonar som går gjennom nettstaden. Samarbeidspartnaren vår PayEX er ansvarleg for at kredittkortnummer og -kodar blir handterte tryggleiksmessig i samsvar med dei krava som er definerte i Payment Card Industry Data Security Standard (PCI DSS).

Underleverandørane våre
Vi er ansvarlege for at underleverandørane våre får betalt for det du har bestilt gjennom oss. Underleverandørane våre er ansvarlege for kvar sin del av programmet, medrekna fullstendige forsikringar, løyve, utstyr, bemanning og anna, som er i samsvar med dei lovane og reglane som til ei kvar tid gjeld, og som blir aktuelle for leverandøren.

Avtalen med meir:
Som seljar står Flåm AS ansvarleg overfor gjesten for det denne har krav på i samsvar med avtalen. Dei oppgåvene som skal gjennomførast av andre enn Flåm AS, står leverandørane sjølve ansvarlege for.

Som arrangør har Flåm AS plikt til å sørgje for dette:
Sende skriftleg stadfesting på bestilling til gjesten i tillegg til andre nødvendige dokument.

Flåm AS har berre ansvar for reisa som beskrive. Skulle slike avtalar bli inngått mellom tredjepart og kjøpar, bør avtalen gjerast skriftleg. Alle kundedata blir oppbevarte i samsvar med norsk lov, og ingen personlege data blir selde vidare til ein tredjepart.

Bindande bestilling:
Ei bestilling er bindande så snart gjesten har fått eit bookingnummer og betaling er fullført. Det er gjesten sitt ansvar å kontrollere at framkomst- og avreisedato samt alt anna som er vesentleg for bestillinga, er rett.

Betaling:
Gjesten skal betale 100 % for arrangementet når vedkomande bestiller via www.visitflam.com. Gjesten skal ta med seg stadfestinga når han eller ho kjem fram. 3D Secure er aktivert for nettstaden.

Informasjon om avbestilling:

 

Avbestilling av reservasjon utan forsikring:

  • Gjesten kan avbestille til Flåm AS. Flåm AS og leverandørar av arrangement godtek berre avbestillingar og endringar som blir gjort av gjesten. Flåm AS pliktar å sende stadfesting på avbestilling/endring skriftleg.
  • Dersom avbestilling skjer 30 dagar eller meir før avreise, blir heile beløpet refundert.
  • Dersom avbestilling skjer mindre enn 30 dagar før avreise, blir ikkje beløpet refundert.

 

Ved kjøp av avbestillingsforsikring:
Vi tilrår alle kundane våre å sørgje for å ha gode forsikringsavtalar før reisa i tilfelle sjukdom, tap eller skade på reisegods, ulykke, ansvar og liknande.

Dersom kunden kjøper avbestillingsforsikring hos Flåm AS, kan kunden avbestille innan midnatt (kl. 24.00) dagen før forbruk. Då blir heile ordrebeløpet refundert minus summen av avbestillingsforsikringa (10 % av kjøpsbeløpet). Ein eventuell refusjon blir gjort til det kredittkortet som er brukt til å bestille.

Ei bestilling må endrast innan kl. 16.00 dagen før avreise, med atterhald om ledig kapasitet.

Forpliktingar frå gjesten si side:
Gjesten må ha fylt 20 år for å kunne bestille / inngå avtale med Flåm AS om eit arrangement. Minst éin person må ha fylt 20 år for å kunne bu i eininga. Dersom det er tvil om alderen, må éin person kunne vise fram legitimasjon. Dersom aldersgrensa ikkje er oppfylt når bueininga skal overtakast, gjeld reglane for avbestilling (kvar enkelt leverandør sine avbestillingsreglar).

Gjesten pliktar å følgje ordensreglar, tilvisingar og føresegner som gjeld for reise, bueining og anna. Mellom klokka 23.00 og 07.00 pliktar gjesten å ta omsyn og halde eit lågt støynivå med tanke på andre gjester. Gjesten står fullt ansvarleg for alle eventuelle skader som blir påførde produktet. Flåm AS eller leverandøren av produktet har rett til å seie opp avtalen med verknad straks dersom gjesten eller nokon i gjesten sitt selskap opptrer forstyrrande og/eller gjer skade på bueininga eller området rundt.

Vi gjer gjesten merksam på at leverandørar til Flåm AS kan ha eigne reglar og forpliktingar, og kunden er ansvarleg for å gjere seg kjend med desse.

Det er ikkje tillate å selje vidare billettar til Flåmsbana, og kredittkortet må takast med på turen og vere tilgjengeleg for kontroll.

Kva viss noko går gale?
Eventuelle feil/manglar skal meldast til staden straks, slik at staden har moglegheit til å rette opp i saka der og då. Dersom du ikkje har søkt oppreising i leigeperioden og dermed har unnlate å gi staden sjanse til å rette opp eventuelle manglar, kan du ikkje krevje kompensasjon i ettertid.

Dersom det skulle oppstå ueinigheit mellom staden og bestillar når det gjeld kvalitet, feil eller manglar som måtte ha oppstått før eller under opphaldet, vil ikkje Flåm AS som formidlar vere part i ei slik sak.

Force Majeure / atterhald
Flåm AS står ikkje ansvarleg for utilfredsstillande vêrforhold, stengde fasilitetar eller andre forhold som ligg utanfor selskapet sin kontroll. Skulle det oppstå feil, er Flåm AS i sin fulle rett til å kansellere bestillinga.

Vanlege spørsmål

[Visitflam.com and booking] Hvordan mottar jeg billetten når jeg bestiller på nettet?

Dersom du bestiller billetten på nettet, får du ei stadfesting på e-post med ei lenke til sjølve billetten. Du kan laste ned, skrive ut og ta med billetten, eller berre lagre dokumentet på mobilen og vise det fram når du er framme. 

[Visitflam.com and booking] Jeg har ikke mottatt en bekreftelse på e-post for bestillingen min. Hva skal jeg gjøre for å være sikker på at bestillingen har gått igjennom?

Sjekk i søppelpostmappa. Kontakt turistinformasjonen for å få hjelp dersom du ikkje finn billetten.

[Visitflam.com and booking] Hvilke kredittkort tar dere?

Du kan betale med Visa og Mastercard når du bestiller på nettet. Turistinformasjonen tek alle typar kort. 

Se også

Flåmsbana

Flåmsbana

Flåmsbana er ei av verdas mest spektakulære togreiser og ein av dei største attraksjonane i Noreg. Toget går frå enden av Aurlandsfjorden, ein sidearm av Sognefjorden, og opp til høgfjellet ved Myrdal stasjon. På denne rei...

{{fact.key}}
{{fact.value}}

Bestill her:

Frå kr 480,-
Fjord Cruise Nærøyfjord

Fjord Cruise Nærøyfjord

Bli med på fjordcruise i UNESCO-verdsarvparken og opplev eitt av dei flottaste og mest populære fjordområda i Noreg. Frå det nye og spennande hybridfartøyet «Vision of the Fjords» kjem du ekstra tett på den vakre...

{{fact.key}}
{{fact.value}}

Bestill her:

Frå kr 310,-