Sognefjorden

Sognefjorden

Sognefjorden er den djupaste og nest lengste fjorden i Europa, med isbrear, fossefall, stavkyrkjer og vakkert kulturlandskap. Ein av dei mest spektakulære sidearmane er Nærøyfjorden, som står på UNESCO si verdsarvliste.

Sognefjorden strekkjer seg 204 km inn i landet og er på det djupaste nesten 1300 meter. Det majestetiske landskapet har lokka til seg tilreisande frå heile verda i over 150 år. Opplev det spennande fjordlandskapet i dei ulike årstidene – vinteren i blå vinterdrakt, våren med fruktblomstring, den frodige sommaren eller hausten med alle fargane.

Nærøyfjorden

Nærøyfjorden er den smalaste og mest dramatiske av sidearmane til Sognefjorden og står på UNESCO si verdsarvliste. Fjorden er spektakulær med høge fjell, fossefall og idylliske gardar langs fjorden. Tilrådd båttur Flåm–Aurland–Gudvangen og retur til Flåm med buss.

Fjærlandsfjorden

Fjærlandsfjorden er vakker og majestetisk. Ein fjord med lys grønfarge på grunn av alt smeltevatnet og som er omkransa av snødekte fjelltoppar. Følg båten frå kunstbygda Balestrand gjennom det vakre fjordlandskapet og nesten heilt fram til Jostedalsbreen.

Se også