Vanlege spørsmål

[Fjord Cruise & Undredal] Hvor kan jeg gå på bussen i Flåm?

Busshaldeplassen ligg berre nokre meter frå togstasjonen og turistinformasjonen. Du kan kome innom turistinformasjonen om du treng hjelp.

[Fjord Cruise & Undredal] Hva slags båt reiser vi med?

Du reiser på ei ferje og passasjerbåt.

[Fjord Cruise & Undredal] Hvor møter jeg guiden i Undredal?

Guiden møter deg på kaia i Undredal dersom du kjem med båt. Startar du turen med buss, ventar guiden på busshaldeplassen.

[Fjord Cruise & Undredal] Hvis jeg bestemmer meg for å bruke mer tid i Undredal, kan jeg reise tilbake på en annen avgang enn den jeg har billett til?

Nei. Viss du vil bruke meir tid i bygda, må du kjøpe ein ny billett til returen.

[Fjord Cruise & Undredal] Er det nok med to timer i Undredal?

Ja. På to timar har du tid til å besøkje bygda og kyrkja, og du får sjansen til å smake den verdsberømte geitosten på den lokale kafeen.

[Fjord Cruise & Undredal] Er det toaletter på båten og i Undredal?

Ja. Det er toalett om bord og på Osteklokka kafé i Undredal.

[Fjord Cruise & Undredal] Er det mulig å kjøpe den berømte, lokale osten i Undredal?

Ja. Du kan kjøpe undredalsosten på kafeen og i matbutikken i bygda.

[Fjord Cruise & Undredal] Går denne turen også om vinteren?

Nei, turen går berre mellom 10. juni og 10. august.

[Fjord Cruise & Undredal] Hva slags natur får vi se på båtturen?

Båten går på den spektakulære og dramatiske Aurlandsfjorden, som er ein fjordarm av Sognefjorden, den lengste fjorden i Noreg.

[Fjord Cruise & Undredal] Er det vandring på denne turen?

Nei, dette er ikkje nokon vandretur. Du går berre korte avstandar for å kome deg mellom dei forskjellige stadene i bygda.

[Fjord Cruise & Undredal] Hvor finner jeg priser og rutetider for fjordcruiset?

Du finn prisar og rutetider på nettsidene våre.

[Fjord Safari] Hvor kan jeg kjøpe billetter til FjordSafari?

Du kan kjøpe billettar på nettsidene våre, www.visitflam.com, eller på turistinformasjonen i Flåm.

[Fjord Safari] Må jeg ha på varme klær?

Det er ikkje nødvendig å ha på seg spesielle klede, sidan FjordSafari-mannskapet utstyrer deg med alt du treng. Likevel tilrår vi at du har på varme klede om vinteren.

[Fjord Safari] Er det noen nedre aldersgrense for barn, eller kan man ta med en baby på turen?

Turen passar for alle aldrar, men dersom du har spesielle behov, ber vi deg kontakte FjordSafari-kontoret på telefon 57 63 33 23. Tilrådd aldersgrense er seks år.

[Fjord Safari] Er FjordSafari og fjordcruise det samme?

Nei, FjordSafari er ein tur i RIB-båt, mens fjordcruise er ein ferjetur.

[Fjord Safari] Hvor lenge før må jeg være på møtepunktet?

Vi tilrår at du er på kaia for å registrere deg og få utstyr 20 minutt før avreise.

[Fjord Safari] Kan jeg kjøre bare én vei på FjordSafari?

Nei, alle FjordSafari-turane er rundturar.

[Fjord Safari] Kjører båten nærme land?

Ja, nokre gonger køyrer båten veldig nær fossar og grender, og du får sjansen til å ta flotte bilete.

[Fjord Safari] Er turen guidet?

Ja, kapteinen på båten guidar og gjer stopp undervegs.

[Fjord Safari] Hvor mange passasjerer er det plass til ombord?

Kvar båt har plass til 12 passasjerar.

[Fjærlandsfjord Sightseeing] Har båten forbindelse til hurtigbåten til Bergen?

Ifølgje rutetidene er det samband, men det er ingen avtale mellom dei to selskapa om å vente på kvarandre ved forseinkingar. Eit slikt byte skjer derfor på eige ansvar. Du finn rutetidene for hurtigbåten her: www.norled.no/hurtigbat/

[Fjærlandsfjord Sightseeing] Hvor ligger kaia i Fjærland?

Kaia ligg i Mundal i sentrum av Fjærland.

[Fjærlandsfjord Sightseeing] Går ferjen året rundt?

Nei, ferja går berre mellom 1. juni og 30. august.

[Fjærlandsfjord Sightseeing] Hvor mange ganger om dagen går ferjen?

Det er to avgangar om dagen frå Balestrand og to frå Fjærland. Sjå rutetidene for å få meir informasjon.

[Fjærlandsfjord Sightseeing] Kan man kjøpe mat og drikke ombord?

Ja, båten har ein kiosk med enkel servering.

[Fjærlandsfjord Sightseeing] Tar ferjen med biler?

Dette er ei passasjerferje, og det er derfor ikkje mogleg å ta med bilen om bord.

[Fjærlandsfjord Sightseeing] Hvor lenge før ombordstigning må jeg være på plass?

Vi tilrår at du er på kaia 20 minutt før avgang.

[Fjærlandsfjord Sightseeing] Må jeg kjøpe billetten på forhånd?

Vi tilrår sterkt at du bestiller billetten på førehand, slik at du er garantert plass.

[Fjærlandsfjord Sightseeing] Er det toaletter på båten?

Ja, det er toalett om bord i alle båtane.

[Fjærlandsfjord Sightseeing] Kan man kjøpe mat og drikke ombord?

Ja, det er ein kiosk med enkel servering av mat og drikke.

[Fjærlandsfjord Sightseeing] Hvor finner jeg priser og rutetider for fjordcruiset?

Du finn prisar og rutetider på nettsidene våre ved å klikke på lenka www.visitflam.com/en/informasjon/brochures/.
Du kan bestille turen ved å følgje lenka www.visitflam.com/se-og-gjore/unesco-and-the-fjords/.
Fjærlandsfjorden og isbrear

[Fjærlandsfjord Sightseeing] Hva er forskjellen på hel- og halvdagsturene?

Halvdagsturen omfattar ein tur til Bøyabreen, mens på heildagsturen får du besøkje to brear, Bøyabreen og Supphellebreen.

[Fjærlandsfjord Sightseeing] Hvor er bussholdeplassen i Fjærland?

Busshaldeplassen ligg ved parkeringsplassen. Han ligg berre nokre meter frå der du går av båten. 

[Fjærlandsfjord Sightseeing] Kommer vi inn til sentrum?

Dersom du vil inn til sentrum, tilrår vi at du vel heildagsturen, der du har litt ekstra tid før båten går tilbake.

[Fjærlandsfjord Sightseeing] Er det innlagt lunsjpause på denne turen?

På heildagsturen er det lagt inn eit stopp på to timar i byen etter besøket på museet og breane. På halvdagsturen tilrår vi at du tek med matpakke. Det er òg mogleg å kjøpe smårettar i kafeteriaen om bord i båten.

[Fjærlandsfjord Sightseeing] Hva bør jeg ha på meg?

Det er ikkje krav om noka spesiell påkledning, men vi tilrår at du har på behagelege sko og om mogleg ein regnjakke. 

[Fjærlandsfjord Sightseeing] Hvor langt er det å gå til isbreene?

Det er berre nokre få minutt å gå til breane. 

[Fjærlandsfjord Sightseeing] Er det en guidet tur?

Dette er ikkje ein guida tur, men det er eit audioguide-system om bord i båten på fleire språk.

[Fjærlandsfjord Sightseeing] Passer turen også for barn og eldre?

Ja, turen passar for barn og eldre.

[Fjærlandsfjord Sightseeing] Er turen væravhengig?

Turen er ikkje vêravhengig og går uansett vêr.

[Fjærlandsfjord Sightseeing] Hvor finner jeg priser og rutetider for fjordcruiset?

Du finn prisar og rutetider på nettsidene våre: www.visitflam.com/en/informasjon/brochures/   

[Fjord Cruise Geiranger] Går ferjen til Valldal?

Nei, ferja går berre mellom Geiranger og Hellesylt.

[Fjord Cruise Geiranger] Kan jeg reise med en tidligere eller senere avgang enn det jeg har bestilt?

Nei, du må reise med den avgangen du har billett til. 

[Fjord Cruise Geiranger] Er ferjen rullestolvennlig?

Det er tilgang til nedre dekk for rullestol på begge ferjene.

[Fjord Cruise Geiranger] Er det kafé ombord?

Ja, det er kafé om bord med enkel servering av mat og drikke.

[Fjord Cruise Geiranger] Er det audioguide-system ombord?

Ja, det er audioguide-system om bord. Det er tilgjengeleg på desse språka: norsk, engelsk, tysk, fransk, spansk, japansk og koreansk. 

[Fjord Cruise Geiranger] Hvor mange biler er det plass til på ferjen?

Veøy har plass til 32 bilar og Bolsøy opptil 42 bilar. 

[Fjord Cruise Geiranger] Hvor mange passasjerer er det plass til på ferjen?

Geiranger-ferjene har plass til mellom 345 og 393 passasjerar. 

[Fjord Cruise Geiranger] Kan jeg kjøpe billetten ved ombordkjøring?

Ja, du kan kjøpe billettar om bord dersom det er ledige billettar. Vi tilrår at du alltid bestiller billett på førehand for å sikre at du kjem med den avgangen du ønskjer.

[Fjord Cruise Geiranger] Har jeg prioritert ombordkjøring når jeg forhåndsbestiller billett for bil og passasjer?

Ja, følg skilta for passasjerar med billett. Personalet på staden kan hjelpe deg.

[Fjord Cruise Geiranger] Er det Wi-Fi ombord?

Vi har dessverre førebels ikkje trådlaust Internett om bord i båtane våre.

[Fjord Cruise Geiranger] Hvor finner jeg priser og rutetider for fjordcruiset?

Du finn prisar og rutetider på nettsidene våre: www.visitflam.com/en/informasjon/brochures/   

[Fjord Cruise Geiranger] Hvordan reserverer jeg plass på bilferjen i Geiranger og Lysefjorden?

Du kan reservere plass på nettstaden vår, www.visitflam.com. Merk at når du bestiller billett til bil, er sjåføren allereie inkludert i prisen. Viss det for eksempel er to vaksne reisande og éin bil, må du velje éin reisande frå rullegardinmenyen under Vaksen. Den andre reisande er inkludert i bilbilletten. 

Du kan bestille Geirangerfjord-turen via lenka www.visitflam.com/en/se-og-gjore/aktiviteter/fjord-cruise-geirangerfjorden/. Her finn du all informasjonen du treng om denne turen.  

Du kan bestille Lysefjord-turen via lenka www.visitflam.com/en/se-og-gjore/aktiviteter/fjord-cruise-lysefjorden/. Her finn du all informasjonen du treng om denne turen.

[Nærøyfjorden Hiking] Kan man kjøpe en dagsbillett for denne turen, og kan jeg gå av og på hvor jeg vil?

Vi tilbyr dessverre ikkje dagsbillettar. Dersom du vil gå av og på, må du kjøpe ein enkeltbillett til kvar av strekningane. Viss du har kjøpt billett på førehand, må du ta den avgangen som står på billetten. Du kan òg kjøpe billett om bord før kvar avgang. Ver merksam på at vi då ikkje kan garantere at det er plass. 

[Nærøyfjorden Hiking] Hva må jeg ta med meg på turen?

Vi tilrår at du tek med gode vandrestøvlar, regntøy, vatn og matpakke.

[Nærøyfjorden Hiking] Tilbyr dere guidede vandreturer?

Ja. Vi tilbyr ein hikingtur ved Nærøyfjorden, og der er det alltid med ein guide. Du kan få meir informasjon om denne turen ved å kontakte oss på info@visitflam.com eller sjå nettstaden www.visitflam.com/en/se-og-gjore/unesco-and-the-fjords/ .

[Nærøyfjorden Hiking] Er det mulig å slå opp telt på noen av disse stedene langs Nærøyfjorden?

Ja, det er mogleg å telte langs Nærøyfjorden. I Bakka, Styvi og Dyrdal kan du be om løyve frå grunneigarane. Her er kontaktopplysningane dersom du treng å be om løyve til å slå opp telt: Dyrdal Drego gard, tlf. 994 49 426 / 943 58 569 – Dyrdal, tlf. 948 05 333 – Styvi Holmo, tlf. 57 63 39 40 – Bakka, tlf. 57 63 39 17 / 905 26 324

[Nærøyfjorden Hiking] Hva er de mest populære vandrestiene?

Ein av dei mest populære vandrestiane er Rimstigen, med eit populært utgangspunkt i Bakka. Merk at dette er ein krevjande sti, så turen er berre tilrådd for erfarne fjellvandrarar. 

[Nærøyfjorden Hiking] Kan man kjøre til noen av disse stedene i bil?

Det er mogleg å køyre frå Gudvangen til Bakka, men ikkje lenger.

[Nærøyfjorden Hiking] Er det mulig å gå mellom stedene langs fjorden?

Du kan berre gå langs fjorden mellom Styvi og Bleiklindi. Denne ruta heiter Den kongelege postvegen og er seks kilometer lang. Det er òg mogleg å gå frå Gudvangen til Bakka og tilbake. 

[Nærøyfjorden Hiking] Er det kaféer på noen av stedene?

Ja, det er ein kafé i Gudvangen. 

[Nærøyfjorden Hiking] Er det kafé på hikingbåten?

Det er ein liten kiosk om bord. Han serverer for det meste enkel mat og drikkevarer. 

[Nærøyfjorden Hiking] Er det mulig å ta med sykkel ombord?

Nei, det er ikkje mogleg å ta med sykkel om bord.

[Nærøyfjorden Hiking] Har dere kart over vandreruter langs Nærøyfjorden?

Ja, du får utdelt kart når du går om bord i hikingbåten.

[Nærøyfjorden Hiking] Hvor finner jeg priser og rutetider for hikingbåten?

Du finn prisar og rutetider på nettsidene våre: www.visitflam.com/en/informasjon/brochures/   

[Nærøyfjord Sightseeing] Hvor lang tid tar båtturen?

Båtturen tek frå halvannan til to og ein halv time.

[Nærøyfjord Sightseeing] Hvor kan jeg kjøpe billetter til fjordcruiset?

Du kan kjøpe billettar på nettsidene våre eller på turistinformasjonen. 

[Nærøyfjord Sightseeing] Får man bestemte plasser på båten?

Nei, vi har ikkje nummererte sete, så du kan sitje kvar du vil, både inne og ute.

[Nærøyfjord Sightseeing] Kan man kjøpe mat og drikke ombord?

Ja. Vi har kafeteria om bord i alle båtane, og her kan du kjøpe noko varmt og kaldt å drikke samt kaker og smørbrød.

[Nærøyfjord Sightseeing] Hvor går båten fra i Flåm?

Alle båtane går frå hamna. Båtane byter på å gå frå dei tre forskjellige kaiane, avhengig av avgangstid. Du kan kontakte turistinformasjonen for å sjå kva kai båten går frå på den aktuelle avgangen. 

[Nærøyfjord Sightseeing] Hvor går båten fra i Gudvangen?

I Gudvangen legg båten til rett ved Gudvangen Fjordtell.

[Nærøyfjord Sightseeing] Hvilke fjorder besøker vi på båtturen?

På denne turen går båten på Nærøyfjorden, som står på UNESCO si verdsarvliste, og Aurlandsfjorden, som er ein fjordarm av Sognefjorden. 

[Nærøyfjord Sightseeing] Kan vi gå av og på båten i løpet av turen?

Nei, det er ikkje mogleg å gå av båten før den endelege destinasjonen. Dersom du har lyst til å ta eit stopp på ulike stader mellom Flåm og Gudvangen, er det mogleg å bestille enkeltbillettar mellom kvar av stoppa langs ruta.

[Nærøyfjord Sightseeing] Kan vi ta med bilen på båten?

Nei, vi har dessverre ikkje bilferjer, berre passasjerferjer. 

[Nærøyfjord Sightseeing] Kan vi ta med kajakk og sykkel ombord, og koster det ekstra?

Ja, det er mogleg å ta med kajakk og sykkel om bord. Det kostar 100 kroner per stykk. Du kan førehandsbestille plass til sportsutstyr når du bestiller billetten på nettet.

[Nærøyfjord Sightseeing] Kan man kjøpe mat og drikke ombord?

Ja, det er ein kiosk med enkel servering av mat og drikke. 

[Nærøyfjord Sightseeing] Stopper båten noen steder så vi kan gå av og på?

Det er mogleg å gå av og på båten fleire stader, men du treng ny billett til kvar strekning. Vi tilbyr ikkje dagsbillettar. Kontakt turistinformasjonen dersom du treng meir informasjon.

[Nærøyfjord Sightseeing] Hvor finner jeg priser og rutetider for fjordcruiset?

Du finn prisar og rutetider på nettsidene våre: www.visitflam.com/en/informasjon/brochures/   

[Nærøyfjord Round-trip] Bør jeg kjøpe billetten på forhånd?

Vi tilrår sterkt at du kjøper billetten på førehand via nettsidene våre. Dermed kan du vere sikker på at du kjem med på den avgangen du ønskjer. Du kan òg kjøpe billettar på turistinformasjonen i Flåm. 

[Nærøyfjord Round-trip] Er det noen rabatter å få på denne turen?

Nei, vi tilbyr ingen rabattar på denne turen.

[Nærøyfjord Round-trip] Er det toaletter ombord?

Ja, det er toalett om bord i alle båtane, inkludert handikaptoalett. 

[Nærøyfjord Round-trip] Kan man kjøpe mat og drikke ombord?

Ja, det er kiosk med enkel servering om bord i alle båtane. Kontakt oss dersom du ønskjer å bestille mat til grupper. Vi tilbyr tilpassa gruppemenyar. 

[Nærøyfjord Round-trip] Er båtene og bussene rullestolvennlige?

Nokre av båtane og bussane er rullestolvennlege, avhengig av avgangen. Kontakt oss dersom du treng meir informasjon. 

[Nærøyfjord Round-trip] Er det enkelt å finne avreisestedene?

Ferjeterminalen og busshaldeplassen i Flåm ligg berre nokre få meter frå togstasjonen. Kva kai båten går frå, kan variere frå dag til dag, så sjekk informasjonsskilta og skjermane i Flåm, eller kom innom turistinformasjonen for å få meir informasjon. 

I Gudvangen finn du busshaldeplassen ved parkeringsplassen. Sjå etter Visit Flåm-skilta. Båten går frå hamna i Gudvangen.

[Nærøyfjord Round-trip] Kan jeg ta med bagasje?

Du kan ta med bagasje på båten. I bussane er dette berre mogleg på enkelte avgangar, ettersom ikkje alle bussane har bagasjerom. Kontakt oss dersom du treng meir informasjon. Det er bagasjeoppbevaring på togstasjonen i Flåm. 

[Nærøyfjord Round-trip] Er buss- og båtturene guidet?

Vi har eit audioguide-system om bord i båtane, men ikkje i bussane. Guidesystemet i båten er tilgjengeleg på fleire språk. 

[Nærøyfjord Round-trip] Hvordan kan jeg gjøre en gruppebestilling?

Ved gruppebestillingar ber vi at de kontaktar oss på telefon 57 63 14 00 eller e-post reservation@visitflam.com.

[Nærøyfjord Round-trip] Må jeg skrive ut billetten?

Vi føretrekk at passasjerane skriv ut billettane, slik at ombordstiginga går raskare. Dersom du ikkje får skrive ut billetten, må du ha bestillingsreferansen klar når du går om bord. Då kan personalet finne fram bestillinga i systemet. Du kan òg vise fram billetten elektronisk frå mobilen eller ei anna eining. 

[Nærøyfjord Round-trip] Hvor finner jeg priser og rutetider for fjordcruiset?

Du finn prisar og rutetider på nettsidene våre: www.visitflam.com/en/informasjon/brochures/   

[Lysefjorden Sightseeing] Hva er Preikestolen?

Det er ei bratt klippe som ruvar 604 meter over Lysefjorden. Ho er nesten flat på toppen, som er ca. 25 gonger 25 meter, og herfrå har du ei fantastisk utsikt. 

[Lysefjorden Sightseeing] Hva er Kjerag?

Kjerag er eit fjell i Forsand kommune og eit veldig populært reisemål blant vandrarar, fjellklatrarar og basehopparar. Det høgste punktet ligg 1110 meter over havet. 

[Lysefjorden Sightseeing] Hvor lang tid tar det å besøke Lysefjorden med båt?

Ein rundtur med båt tek omtrent fem og ein halv time. Viss du vil ha meir informasjon, kan du sjå ferjetidene via denne lenka: www.visitflam.com/en/se-og-gjore/aktiviteter/fjord-cruise-lysefjorden/

[Lysefjorden Sightseeing] Kan jeg se Kjeragbolten på en fottur til nordveggen av Kjerag?

Ja, det er mogleg å sjå Kjeragbolten på turen til nordveggen av Kjerag. 

[Lysefjorden Sightseeing] Hvor finner jeg priser og rutetider for fjordcruiset?

Du finn prisar og rutetider på nettsidene våre: www.visitflam.com/en/informasjon/brochures/   

[Flåm Railway Museum] Hvor ligger Flåmsbanemuseet?

Museet ligg ved sidan av togstasjonen overfor kai 1.

[Flåm Railway Museum] Når er museet åpent?

Museet er ope året rundt. Trykk på denne lenka for å sjå opningstidene: https://www.visitflam.com/se-og-gjore1/se/flamsbana-museet/ 

[Flåm Railway Museum] Koster det noe å komme inn?

Nei, museet er gratis.

[Flåm Railway Museum] Er museet tilrettelagt for rullestolbrukere?

Ja, museet er rullestolvennleg.

[Flåm Railway Museum] Er det guidede turer på museet?

Nei, museet tilbyr ikkje guida turar.

[Flåm Railway museum] Kan jeg ta bilder på museet?

Ja, det er lov å ta bilete.

[Flåm Railway Museum] Selger Flåmsbanemuseet Flåmsbana-artikler?

Ja, museet sel T-skjorter og minitogsett med Flåmsbana-logoen. 

[Flåm Railway Museum] Er det mulig å kjøpe en informasjons-DVD om Flåmsbana?

Ja, Flåmsbanemuseet sel informasjons-DVD-ar om Flåmsbana.

[Flåm Railway Museum] Er det toalett på museet?

Nei, det er ikkje toalett på museet, men du finn toalett på stasjonen.

[Flåm Railway Museum] Er det gratis Wi-Fi på museet?

Nei, men det er gratis Wi-Fi i stasjonsbygningen.

[Aurland skofabrikk] Hva er åpningstidene til skofabrikken?

Du finner de gjeldende åpningstidene på denne lenken.

[The Aurland Shoe Factory] Where is the factory located?

The factory is located in the village of Aurland, approximately 8 kilometers from Flåm, it will take roughly 10 minutes by car.

[Stegastein] Hvor er av og påstigning for turen?

Bussen stopper noen få meter utenfor kundesenteret i Flåm.

[Stegastein] Hvor lang er stoppen på Stegastein Utsiktspunkt?

Turen stopper på Stegastein i mellom 25 og 30 minutter.

[Stegastein] Kan vi begynne rundturen i Aurland og avslutte turen i Flåm eller omvendt??

Ja, dersom du vil starte turen din i Flåm eller Aurland, er det mulig å avslutte turen i henholdsvis Aurland eller Flåm. Vennligst pass på at du velger riktig avgangssted når du bestiller.

[Stegastein] Hva vil jeg oppleve på turen til Stegastein?

Du vil oppleve en panoramisk utsikt over fjorden, naturen og fjellene.

[Stegastein] Er det toaletter på Stegastein Utsiktspunkt?

Ja, det er toaletter på Stegastein utsiktspunkt og de er åpne fra may til begynnelsen av oktober.

[Stegastein] Hvor høyt over havet er Stegastein Utsiktspunkt?

Stegastein Utsiktspunkt ligger 650 meter over havet.

[Stegastein] Er bussturen til Stegastein tilgjengelig hele året?

Ja, rundturen til Stegastein er tilgjengelig hele året.

[Stegastein] Er veien åpen om vinteren?

Ja, veien til Stegastein er åpen hele året, med mindre det er ekstreme værforhold.

[Aurland] Når er kirken i Aurland åpen for omvisning?

Kirken er åpen fra 16.7 til 1.9 fra kl. 09:00 - 16:00 alle dager.

[Aurland] Finnes det kart over Aurland og vandrekart for området?

Ja, du finner mer informasjon på www.sognefjord.no

[Aurland] Er veien til Stegastein åpen hele året?

Ja, veien opp til Stegastein er åpen hele året, men veien videre over fjellet til Lærdag er vinterstengt. For mer informasjon kan du sjekke vegvesenet sin sider på www.vegvesen.no

For mer informasjon kan du også kontakte turistinformasjonen i Aurland på e-post eller telefon 91794164

[Undredal] Blir Undredalsosten produsert hele året?

Nei, det blir ikke produsert ost hele året men osten er tilgjengelig for salg hele året. For å se utvalget vennligst følg denne linken

[Undredal] Er Undredal Stavkirke åpen hele året?

Undredal stavkirke er åpen for omvisning fra 1.6 til 1.8 eller ved forespørsel. For mer informasjon vennligst besøk denne nettsiden.

[Fjærland] Er bokbyen i Fjærland åpen hele året?

For åpningstidene til bokbyen vennligst følg denne linken

[Fjærland] Hvor ligger Norsk Bremuseum?

Norsk Bremuseum ligger omtrent 3 km fra Fjærland sentrum. Du kan lese mer på hjemmesiden til museet.

[Fjærland] Hvor langt er det fra sentrum av Fjærland til breene??

Supphellabreen er omtrent 10 km fra sentrum og Bøyabreen omtrent 10.5 km fra sentrum.

 

Supphellebreen is located approaximately 10 km from the center and Boyabreen about 10.5 km.

[Flåm] Kan man leie sykkel eller kayak i Flåm?

Ja, vennligst kontakt turistinformasjonen i Flåm på telefon 9923 1500 eller på epost

[Balestrand] Hva bør jeg besøke i Balestrand?

Balestrand er en liten fjordlandsby som har flere attraksjoner. Blant annet Sognefjord Akvarium, Sankt Olav Kirken, Norsk Reiselivsmuseum og Historiske Kviknes Hotel.

[Balestrand] Er det noen vandreturer i Balestrand?

Ja, det er flere vandreruter i Balestrand, blant annet Kreklingen Natursti og Tre Fjorder turen. Vennligst kontakt turistinformasjonen for mer informasjon på telefon 94877501 eller via epost.

[Balestrand] Kan man leie sykkel i Balestrand?

Ja, det er sykkelutleie på turistinformasjonen.

[Balestrand] Er det mulig å oppleve Balestrand på en dag?

Ja, det er mulig å oppleve Balestrand på en dag, men vi anbefaler å bruke mer tid i området for å utforske de spektakulære fjordene og dalene.

[Balestrand] Hvor kan jeg finne mer informasjon om Balestrand?

For mer informasjon om Balestrand kan du kontakt turistinformasjonen på telefon 9487 7501 eller på epost

[Aurland] Er det mogleg å gå frå Aurland til Flåm?
Ja, det er ni kilometer mellom dei to bygdene. Det er gangsti langs omtrent tre av desse kilometrane, og resten går langs E16.
[Aurland] Stopper båten i Aurland?
Ja. Besøk nettsidene våre for å sjå rutetider for båten: www.visitflam.com/en/se-og-gjore/aktiviteter/whc-round/
[Aurland] Kva kan eg sjå og gjere i Aurland?

I Aurland finn du Aurland skofabrikk og économusée, Galleri Winjum – eit glasblåseri og butikk – og Aurland kyrkje. Frå Aurland kan du òg ta bussen som går til utsiktspunktet Stegastein. Du kan bestille turen på nettsidene våre: www.visitflam.com/en/se-og-gjore/aktiviteter/stegastein-roundtrip/

[Aurland] Går det buss til Aurland?

Ja, det går buss til Aurland. Du finn rutetider for bussen her.

[Balestrand] Korleis kjem eg meg til Balestrand?

Du kan reise til Balestrand med båt, buss eller bil. Du finn ferjetider på nettsidene våre:  Du finn rutetider for bussen her. 

[Balestrand] Korleis kjem vi oss frå Balestrand til Vik?

Du må først til Dragsvik (seks kilometer frå Balestrand), og derfrå kan du ta ferje til Vangsnes. Vangsnes ligg ti kilometer frå Vik. Du finn meir informasjon om prisar og rutetider her.

[Balestrand] Korleis kjem vi oss frå Balestrand til Flåm med bil?

Du har to vegar å velje mellom. Den eine går gjennom Kaupanger, og den andre via Vik. Det tek omtrent to og ein halv time frå Flåm til Balestrand med bil uavhengig av kva veg du vel. Du finn ei vegskildring her.

[Balestrand] Korleis kjem vi oss frå Balestrand til Fjærland?

Du kan bli med på eit fjordcruise mellom Balestrand og Fjærland. På den måten får du oppleve den flotte Fjærlandsfjorden. Du kan kjøpe billettane her.

[Flåm] Er det en parkeringsplass i Flåm?

Ja, det er ein stor, gratis parkeringsplass rett ved stasjonsbygningen og kaia. 

[Flåm] Hvor langt er det fra togstasjonen til ferjeterminalen?

Togstasjonen ligg berre nokre få meter frå ferjeterminalen.

[Flåm] Hvor langt er det til Flåm fra Bergen?

Flåm ligg ca. 165 km frå Bergen, og det tek rundt tre timar med bil.

[Flåm] Er det mulig å få med seg både Flåmsbana og et fjordcruise på Nærøyfjorden på samme dag?

Ja, du kan få med deg begge turane på same dag. Du finn rutetider på nettsidene våre.

[Fjærland] Hvor langt er det fra Flåm til Fjærland?

Fjærland ligg ca. 110 km frå Flåm, og det tek rundt to og ein halv time med bil dit.

[Fjærland] Hvordan kommer jeg meg fra Balestrand til Fjærland?

Om sommaren kan du ta passasjerferja, som ikkje tek meir enn ca. halvannan time. 

[Fjærland] Kan man komme til Supphellebreen og Bøyabreen i bil?

Ja, det er mogleg å køyre nesten heilt fram til isbreane med bil. Frå parkeringsplassane er det berre nokre få minutt å gå til breane.

[Fjærland] Er det turistinformasjon i Fjærland?

Ja, det ligg ein turistinformasjon i Mundal, rundt to kilometer frå hovudvegen. Du kan få meir informasjon ved å kontakte turistinformasjonen på e-post.

[Fjærland] Hvor ligger bokbyen Mundal?

Mundal ligg midt i Fjærland, tre kilometer frå hovudvegen.

[Geiranger] Hvor lang tid tar det å kjøre fra Flåm til Geiranger?

Det tek rundt seks timar med bil, og avstanden er 280 km. Du finn ei vegskildring her.

[Geiranger] Når åpner fjellovergangen mellom Langevatnet og Geiranger?

Det avheng av kor mykje snø som ligg i fjellet. Du kan sjå dei nøyaktige datoane for når vegen er open, i trafikkmeldingane på denne nettsida.  Vegen er vanlegvis stengd mellom oktober og mai.

[Geiranger] Hvordan kommer vi til Geiranger hvis veien over fjellet er stengt?

Ta E16 via Lærdal (ferje Fodnes–Mannheller, 15 minutt), og hald fram langs riksveg 5 til Skei i Jølster. Derfrå tek du E39 til Byrkjelo, køyrer av ved fylkesveg 60 til Stryn og held fram til Hellesylt. 

Som ei alternativ sommarrute kan du følgje riksveg 15 mot Grotli og ta av ved fylkesveg 63 til Geiranger.

[Geiranger] Er Trollstigen åpen året rundt?

Trollstigen er vanlegvis stengd mellom oktober og mai. Du kan sjå dei nøyaktige datoane for når vegen er open, i trafikkmeldingane her.

[Geiranger] Hvor finner jeg mer informasjon om hvordan jeg kan komme meg til Geirangerfjorden fra forskjellige steder i landet?

Du finn meir informasjon om korleis du kjem deg til Geiranger og Geirangerfjorden, her.

[Geiranger] Er det bussforbindelse mellom Flåm og Hellesylt?

Ja, men det går ingen bussar direkte frå Flåm til Hellesylt. Du kan sjekke rutetidene her.

[Geiranger] Er det parkeringsmuligheter ved kaia i Geiranger og Hellesylt?

Det er gratis parkering både i Geiranger og Hellesylt.

[Geiranger] Hvordan finner jeg ferjen i Geiranger og Hellesylt?

Det er berre éi hamn på kvar av plassane. Avhengig av avgangstid kjem du til å reise med anten Veøy- eller Bolsøy-ferja.

[Gudvangen] Hvordan kan jeg komme til Bergen fra Gudvangen?

Du kan ta buss frå Gudvangen til Voss, og deretter tog frå Voss til Bergen. Du finn rutetider for bussen her. Du finn rutetider for toget her.
Det går òg buss direkte frå Gudvangen til Bergen. Du finn rutetidene her.

[Fretheim Hotel] Hvor langt er det fra togstasjonen til Fretheim Hotel?

Det er rundt 150 meter frå togstasjonen til Fretheim Hotel.

[Fretheim Hotel] Er det gratis Wi-Fi på Fretheim Hotel?

Ja, det er gratis Wi-Fi på alle romma og i fellesareala for hotellgjester ved Fretheim Hotel.

[Fretheim Hotel] Hvor lenge har restauranten åpent om kvelden?

Restauranten har ope til kl. 21.00 i lågsesongen og til kl. 21.30 i høgsesongen.

[Fretheim Hotel] Har Fretheim Hotel åpent i julen?

Nei, hotellet held stengt mellom 14. desember og 3. januar. 

[Fretheim Hotel] Er det gratis parkering på Fretheim Hotel?

Ja, det er gratis parkering ved hotellet.

[Fretheim Hotel] Kan vi oppbevare bagasjen på Fretheim Hotel?

Ja, de kan oppbevare bagasjen i eit rom ved resepsjonen.

[Fretheim Hotel] Har Fretheim Hotel rom som egner seg for rullestolbrukere?

Ja, Fretheim Hotel har to rullestolvennlege rom. Dei ligg begge i første etasje, ikkje langt frå resepsjonen. Viss du har spesielle behov, kan du kontakte hotellresepsjonen på telefon 992 026 10.

[Fretheim Hotel] Tilbyr dere noen pakketurer som inkluderer en overnatting på Fretheim Hotel?

Ja, vi tilbyr ein våreventyrpakke som inkluderer Flåmsbana og ei natt på hotellet. Du finn meir informasjon om denne pakken her.

[Fretheim Hotel] Har alle rommene fjordutsikt?

Fretheim Hotel har rom med fjordutsikt og fjellutsikt. Du kan velje ønskt utsikt når du bestiller. Vi tek atterhald om at det er ledige rom. 

[Fretheim Hotel] Er det mulig å få matservering etter at restauranten er stengt?

Dersom du ønskjer å få servert mat etter at restauranten er stengd, for eksempel viss du kjem seint fram, må du kontakte hotellet på førehand for å få meir informasjon. 

[Flåm] Kan dere anbefale noen restauranter i Flåm?

Det er mange forskjellige restaurantar i Flåm. Du finn meir informasjon under Ete og sove på nettsidene våre.

[Flåm] Kan dere anbefale noen overnattingssteder i Flåm?

Du finn informasjon om overnatting i Flåm under Ete og sove på nettsidene våre.

[Balestrand] Er det noen restauranter i Balestrand?

Ja, det er ei rekkje restaurantar å velje mellom i Balestrand. 

[Aurland] Er det noen kaféer eller restauranter i Aurland?

Ja, det er to kafear i Aurland og ei vegkro ved Lærdalstunnelen.

[Undredal] Er det overnattingsmuligheter i Undredal?

Du kan få informasjon om overnatting i Undredal ved å kontakte turistinformasjonen på telefon 948 77 501 eller e-post post@sognefjord.no. 

[Undredal] Kan man kjøpe noe å spise i Undredal?

Ja, det er både kafé og matbutikk der. 

[Visitflam.com and Booking] Hva er forskjellen på Rundtur på Nærøyfjorden og Fjordcruise på Nærøyfjorden i 2016?

Rundturen er ein kombinasjon med båt og buss mellom Flåm og Gudvangen eller motsett. Turen tek mellom to og ein halv og tre timar. Fjordcruiset er ein einvegstur med båt frå Flåm til Gudvangen eller motsett. Turen tek rundt to timar. 

[Visitflam.com and booking] Hvilke kredittkort tar dere?

Du kan betale med Visa og Mastercard når du bestiller på nettet. Turistinformasjonen tek alle typar kort. 

[Visitflam.com and booking] Selger dere billetter til de offentlige rutebussene?

Nei, vi sel ikkje billettar til dei offentlege bussane. Du kan kjøpe billettar når du går om bord i bussen. 

[Visitflam.com and booking] Hvor finner jeg rutetider for offentlig buss?

Du finn rutetider for offentleg buss på denne nettsida.

[Visitflam.com and booking] Hvordan mottar jeg billetten når jeg bestiller på nettet?

Dersom du bestiller billetten på nettet, får du ei stadfesting på e-post med ei lenke til sjølve billetten. Du kan laste ned, skrive ut og ta med billetten, eller berre lagre dokumentet på mobilen og vise det fram når du er framme. 

[Visitflam.com and booking] Hvordan ser billetten ut?

Billettane inneheld eit referansenummer som består av fire bokstavar og to tal. I tillegg finn du kontaktopplysningane dine, kva tur som er bestilt, og ein strekkode. 

[Visitflam.com and booking] Jeg har ikke mottatt en bekreftelse på e-post for bestillingen min. Hva skal jeg gjøre for å være sikker på at bestillingen har gått igjennom?

Sjekk i søppelpostmappa. Kontakt turistinformasjonen for å få hjelp dersom du ikkje finn billetten.

[Visitflam.com and booking] Jeg har problemer med å få nettsidene deres eller bestillingssystemet til å virke.

Vi gjer alt vi kan for å sørgje for at nettsidene og bestillingssystemet fungerer optimalt på alle datamaskiner, i alle nettlesarar og med alle innstillingar. Det er likevel slik at det fungerer best med oppdaterte versjonar av Google Chrome, Mozilla Firefox og Internet Explorer (versjon 10 eller nyare). 

[Visitflam.com and booking] Jeg er en turoperatør som ønsker å samarbeide med Flåm AS. Hvordan kan jeg få en kontrakt og tilgang til bestillingssystemet for turoperatører?

Ta kontakt med sales@visitflam.com for å opprette ein konto i bestillingssystemet og skrive kontrakt.

[Aurland] Hvor finner jeg gratis Wi-Fi i Aurland?

I Heradshuset er det ein Internett-kafé som har ope i vekedagane året rundt. 

[Aurland] Er det turistinformasjon i Aurland?

Ja, turistinformasjonen i Aurland er open om sommaren og ligg i Heradshuset i sentrum.

[Flåm] Bør jeg tilbringe mer enn én dag i Flåm?

Ja, heilt klart. Éin dag er ikkje nok til å oppleve Flåm og området rundt. 

[Flåm] Er det bagasjeoppbevaring i Flåm?

Ja, i høgsesongen er det bagasjeoppbevaring ved sida av togstasjonen.

[Flåm] Har dere noen kart over vandreruter?

Ja, du finn kart over vandreruter på turistinformasjonen i Flåm. Kom innom og få eit – dei er gratis.

[Geiranger] Hvor finner jeg informasjon om hva jeg bør se og gjøre i Geiranger?

Du kan kontakte turistinformasjonen i Geiranger på e-post eller telefon 70 26 30 99.

[Geiranger] Er det offentlige toaletter ved kaia i Geiranger og Hellesylt?

Ja, det er offentlege toalett begge stader. 

[Gudvangen] Hva kan jeg oppleve i Gudvangen?

Gudvangen er ei lita bygd med 60 innbyggjarar, og i vikingtida gjorde den geografiske plasseringa at bygda var eit viktig møtepunkt. Bygda ligg inst i Nærøyfjorden og byr på fantastisk natur. Det er òg eit godt utgangspunkt for mange vandreturar. 

[Gudvangen] Er det billettkontor i Gudvangen?

Ja, det er billettkontor ved sida av hotellet i den grå bygningen. 

[Gudvangen] Er det kaféer i Gudvangen?

Ja, det er ein kafé i suvenirbutikken rett overfor hamna. 

[Gudvangen] Hvor kan jeg overnatte i Gudvangen?

Du kan få meir informasjon om overnatting i Gudvangen ved å kontakte turistinformasjonen på telefon 57 67 14 00 eller på e-post.

[Gudvangen] Er det matbutikk i Gudvangen?

Ja, det er matbutikk på bensinstasjonen, og her er det òg postkontor. 

[Gudvangen] Kan jeg møte vikinger i Gudvangen?

Kvart år i juli kan du møte vikingar på vikingmarknaden, og du kan òg møte dei på andre vikingarrangement i løpet av året. Du kan få meir informasjon ved å kontakte turistinformasjonen på telefon 57 67 14 00 eller på e-post.

[Gudvangen] Kan jeg parkere bilen i Gudvangen?

Det er enkelte parkeringsplassar overfor hamna bak suvenirbutikken. Her kan du parkere gratis. 

[Gudvangen] Hvor finner jeg bussholdeplassen for Norge i et nøtteskall i Gudvangen?

Busshaldeplassen for Noreg i eit nøtteskal ligg ved sidan av parkeringsplassen, berre 20 meter frå hamna.

[Gudvangen] Kan jeg leie kajakk i Gudvangen?

Ja, det er kajakkutleige i Gudvangen. Du finn meir informasjon på denne nettsida.

[Lysefjord] Hvor finner jeg informasjon om Geiranger og Stavanger?

Du finn meir informasjon om Stavanger på denne nettsida.

[Myrdal] Hva kan vi gjøre på Myrdal?

Myrdal er ein veldig liten plass. Han har ein togstasjon, der du finn kafé og suvenirbutikk om sommaren.

[Myrdal] Kan jeg leie sykkel på Myrdal?

Ja, Café Rallaren og Myrdal fjellstove har sykkelutleige om sommaren.

[Myrdal] Er Myrdal stasjon rullestolvennlig?

Ja. Myrdal stasjon er rullestolvennleg, men det er ikkje mogleg å forlate stasjonen i rullestol, sidan stiane rundt ikkje er tilrettelagde for det.

[Myrdal] Er det gratis Wi-Fi på Myrdal?

Ja, det er gratis Wi-Fi på Myrdal i vintersesongen frå oktober til april.

[Myrdal] Hvor høyt over havet ligger Myrdal?

Myrdal stasjon ligg 867 meter over havet.

[Myrdal] Når begynner sykkelsesongen fra Myrdal?

Sesongen er vanlegvis frå 1. juni til 30. september, avhengig av snøforholda. 

[Myrdal] Er det mulig å gå fra Myrdal til Vatnahalsen?

Ja, det er omtrent halvannan kilometer mellom dei to stadene.

[Myrdal] Hvor lang tid tar det å sykle fra Myrdal til Flåm?

Vegen er 20 km lang, og det tek ca. 2–3 timar på sykkel. 

[Myrdal] Kan jeg kjøre til Myrdal?

Nei, du kan berre kome deg til Myrdal ved å ta toget, sykle eller gå. 

[Nærøyfjord] På hvilken skiller Nærøyfjorden seg fra Sognefjorden?

Nærøyfjorden er ein fjordarm av Sognefjorden, og her finn du det smalaste punktet i Sognefjorden. Det er ein heilt fantastisk natur med nydeleg utsikt her. 

[Nærøyfjord] Hva kan jeg se i Nærøyfjorden?

Fjorden er 18 km lang og ligg mellom majestetiske fjell, omgitt av fantastisk natur og dyreliv. Han kom på UNESCO si verdsarvliste i 2005. 

[Nærøyfjord] Hvordan er det å være på fjorden om vinteren?

Naturen og sjåverdigheitene er like fantastiske om vinteren som i dei andre sesongane. Du bør vurdere å ta turen tidleg om dagen, ettersom det blir fort mørkt om vinteren. Om sommaren er det ein flott tur å ta når som helst på dagen. 

[Nærøyfjord] Går fjordturene også om vinteren?

Turane går heile året, og det er daglege avgangar. Det einaste unnataket er julaftan og 1. juledag samt nyttårsaftan og 1. nyttårsdag. 

[Nærøyfjord] Kan jeg gå ut for å ta bilder i løpet av turen?

Ja, du kan gå ut på alle båtane.

[Nærøyfjord] Kommer båten nærme nok land til at vi kan ta bilder?

Båten seglar midt i fjorden på mesteparten av turen, slik at du kan nyte den flotte naturen på alle kantar.  

[Undredal] Kan man se geiter i Undredal?

Ja, om sommaren er geitene oppe i dalen, og du kan òg sjå dei langs hovudvegen.

[Nærøyfjord] Har dere kart over vandreruter langs Nærøyfjorden?

Ja, du får utdelt kart når du går om bord i hikingbåten på Nærøyfjorden. 

[Fjord Cruise Sognefjord] Korleis reserverar eg plass på bilferja Gudvangen - Kaupanger?

Du kan reservere plass på nettstaden vår, www.visitflam.com. Merk at når du bestiller billett til bil, er sjåføren allereie inkludert i prisen. Viss det for eksempel er to vaksne reisande og éin bil, må du velje éin reisande frå rullegardinmenyen under Vaksen. Den andre reisande er inkludert i bilbilletten. 

Du kan bestille Sognefjordturen -turen via lenka www.visitflam.com/en/se-og-gjore/aktiviteter/fjord-cruise-sognefjord/. Her finn du all informasjonen du treng om denne turen.

[Fjord Cruise Sognefjord] Er det Wi-Fi ombord?

Me har trådlaust Internett ombord på båtane våre.

[Fjord Cruise Sognefjord] Kan eg kjøpe billetten ved ombordkjøyring?

Ja, du kan kjøpe billettar om bord dersom det er ledige billettar. Vi tilrår at du alltid bestiller billett på førehand for å sikre at du kjem med den avgangen du ønskjer.

[Fjord Cruise Sognefjord] Kan eg reise med ein tidligare eller seinare avgong enn det eg har bestilt?

Nei, du må reise med den avgongen du har billett til. 

[Fjord Cruise Sognefjord] Har eg prioritert ombordkjøyring når eg forhåndsbestiller billett for bil og passasjer?

Ja, følg skilta for passasjerer med billett. Personalet på staden kan hjelpe deg.

[Flamsbana] Har dere noen pakker som inkluderer sykkel?

Ja, vi har ein sykkelpakke. Du finn meir informasjon  her.

[Flamsbana] Kan jeg gå av på noen av stasjonene underveis om jeg kjøper en tur/retur-billett?

Det blir eit stopp på fem minutt ved Kjosfossen, der du kan gå av toget og ta bilete. Dersom du kjøper ein tur/retur-billett, vil det òg vere eit stopp i Myrdal på rundt ti minutt. Det er òg mogleg å gå av toget på Myrdal.

[Flamsbana] Kan jeg ta med hund på toget?

Ja, hundar er velkomne på Flåmsbana. Hundar med skulderhøgd på under 40 cm reiser gratis. Du må kjøpe billett til hundar med ei skulderhøgd på over 40 cm.

[Flamsbana] Kan jeg kjøre til Myrdal?

Nei, du kan ikkje kome deg til Myrdal med bil.

[Flamsbana] Er togstasjonen i Flåm langt fra ferjekaia?

Nei, ferjekaia ligg berre tjue meter frå togstasjonen.

[Flamsbana] Hvor lang tid tar det å gå eller sykle fra Myrdal til Flåm?

Det tek rundt fem–seks timer å gå og to–tre timar å sykle ned til Flåm. 

[Flamsbana] Hva kan vi gjøre på Myrdal?

Myrdal er ein liten togstasjon på fjellet. Her finn du kafé og suvenirbutikk om sommaren.

[Flamsbana] Hvor finner jeg huldersangen?

Det finst dessverre ingen innspelingar av songen på grunn av opphavsrettar. 

[Flamsbana] Hvilken side av toget er det best å sitte på?

Det er flott utsikt over dalen på begge sider av toget.

[Flamsbana] Kan jeg kjøpe billett til Flåmsbana på Myrdal?

Nei, det er ikkje billettluke på Myrdal stasjon. Dersom du vil ha informasjon om tog mellom Oslo og Bergen, kan du gå til www.nsb.no eller ringe NSB på telefon +47 61 05 19 10 dersom du ringjer frå utlandet. Dersom du ringjer frå Noreg, er nummeret 815 00 888.