Om Flåm

Om Flåm

Vakre Flåm finn du heilt inst i ein sidearm av verdas djupaste og nest lengste fjord, den 204 kilometer lange og 1308 meter djupe Sognefjorden. Omringa av stupbratte fjellsider, buldrande fossefall og tronge dalar er dette området eit paradis for dei som søkjer unike og spektakulære naturopplevingar. Gode transportsamband gjer at Flåm i dag er eit knutepunkt, lett å nå anten du reiser med bil, båt, tog eller buss. Store cruiseskip som kjem glidande innover Sognefjorden til Flåm hamn, er eit daglegdags syn i vår- og sommarmånadene. Frå hamna og dei mange fjordbåtane er det berre ein kort spasertur til stasjonen dersom du skal ta Flåmsbana eller besøkje Fretheim Hotel.

Velkommen til Flåm!

Last ned detaljert kart over Flåm sentrum her

Flåmsbana – ei verdskjend jernbane

Flåmsbana er kjend mange stader som ei av verdas mest fantastiske jernbanestrekningar, seinast kåra til verdas beste togreise i 2014 av Lonely Planet. Ein tur med denne utrulege jernbana frå havnivå på fjorden til høgfjellet gir ein høgdeforskjell på nesten 900 meter, ein stigningsgrad på 1 meter på 18 meter. 1 av 20 tunnelar på Flåmsbana går i spiral inne i fjellet, og reisa byr på ei utsikt som tek pusten frå deg gong på gong! Flåmsbana er ei sidebane til Bergensbana. Bana har ni–ti avgangar om dagen i høgsesongen frå mai til september og fire–fem daglege avgangar resten av året. Den spennande historia bak den 20 kilometer lange togstrekninga får du vite meir om når du besøkjer Flåmsbanemuseet i Flåm.

Aktiv ferie og lokal kultur

Flåm er eit perfekt utgangspunkt dersom du vil ha ein opplevingsrik ferie. I ein travel og stressa kvardag er naturopplevingar og friluftsliv balsam for sjela. Flåm kan by på aktivitetar for store og små, i harmoni med kulturelle opplevingar basert på lokale tradisjonar. Her kan du ta med barna på fisketur i fjellet eller på fjorden, eller berre nyte stillheita i naturen. Det er òg fint å sykle eller vandre langs dei mange turløypene i Flåmsdalen eller i fjellheimen. Otternes Bygdetun, med 27 ulike bygningar frå 1600-talet, bør opplevast! Dette klyngjetunet er ein lokalhistorisk kulturskatt og eit levande museum, med nydeleg utsikt mot Flåm og den (av og til) blikkstille Aurlandsfjorden. Frå Flåm går det fleire fjordcruise, mellom anna gjennom UNESCO-verdsarvområdet Nærøyfjorden.

Fretheim Hotel – historisk hotell med moderne særpreg

Fretheim Hotel har røter tilbake til 1870, og den gamle atmosfæren er framleis intakt. Likevel er det i dag også eit toppmoderne turisthotell. Arkitektonisk særpreg og storslått fjordutsikt, 121 komfortable rom, fleire suitar, stor restaurant og ei moderne kurs- og konferanseavdeling gjer Fretheim Hotel til eitt av dei mest spennande hotelltilboda i Fjord-Noreg. Hotellet har eit framifrå kjøken som brukar førsteklasses råvarer henta frå lokale produsentar og naturen sitt eige spiskammer. Til å skjerpe appetitten har hotellet eit rikt og variert aktivitetsprogram med laksefiske i Flåmselva, fjordsafari, villmarksleir, isfiske på fjellet og "gastronomi i det fri". Velkomen til eit triveleg og opplevingsrikt opphald.

UNESCO Verdensarv

Få stader i verda byr på eit så storslått landskap som dei vestnorske fjordane. Som eitt av to vestnorske fjordområde blei den vakre Nærøyfjorden i 2005 registrert på UNESCO si verdsarvliste. Den unike fjordarmen er 17 kilometer lang og berre 250 meter brei på det smalaste.

Fjellmassiva rundt fjorden stig stupbratt oppover til 1800 meters høgd, med brusande fossefall nedover fjellsidene. Fleire stader langs fjorden kan du sjå små gardar utan vegsamband – ei arv frå den tida fjorden var den viktigaste trafikkåra i området.

Nærøyfjorden er ein arm av den kjende Sognefjorden, og her kan du reise på båtcruise frå Flåm og Gudvangen (inst i Nærøyfjorden) kvar dag heile året.

Frekvent framstilte førespurnadar

Se også

Kontakt oss

Kontakt oss

Skal du reise til Flåm og har spørsmål i samband med dette, kan du ta kontakt med oss på telefon og e-post eller komme innom kundesenteret i Flåm.

Flåm Havn

Flåm Havn

Flåm hamn er ei av dei mest populære hamnene i Noreg for cruiseskip, med over 150 skipsanløp per år. I samband med vidare drift av Flåmsbana fekk Flåm sin eigen cruisekai i mai 1999. Aurland hamnedistrikt består av fire...

Sognefjorden

Sognefjorden er den djupaste og nest lengste fjorden i Europa, med isbrear, fossefall, stavkyrkjer og vakkert kulturlandskap. Ein av dei mest spektakulære sidearmane er Nærøyfjorden, som står på UNESCO si verdsarvliste.

Årstider i fjordane

I Noreg er månadene delt inn i fire årstider som alle byr på unike opplevingar. Fjell- og fjordlandskapet er vakkert til alle årstider og bør opplevast.