Om oss

Flåm 0910-1286.jpg

Om oss

Flåm AS tenkjer heilskapleg reisemålsutvikling og har som filosofi at kulturen, naturen og servicekonsepta må spele saman for å gi den beste kundeopplevinga.

Flåm AS legg til rette reiser og mektige opplevingar i Flåm og omland. Den moderne turisten i dag forventar å få ein smakebit av særtrekka til ein region på ein inspirerande, tilrettelagd og effektiv måte. Dette i tillegg til komfort, matopplevingar og service av beste kvalitet.

Flåm AS er eit dotterselskap av Aurland Ressursutvikling AS og er eigd av Aurland kommune, SIVA Eiendom Holding AS og Aurland Sparebank.

Historie
Aurland Ressursutvikling har på berre 15 år utvikla eit reisemål i verdsklasse. Då selskapet blei etablert i 1997, hadde pilene peika nedover i lengre tid, både for Flåmsbana og for reiselivet i regionen. Gjennom kundeorientering, eit blikk for potensialet til regionen og ei stor investeringsvilje har ein stein på stein utvikla eit reisemål som resten av reiselivs-Noreg hentar inspirasjon frå.

I dag har selskapet 30 heilårstilsette.

Visjonen vår er å vere verdas beste fjordreisemål.

Misjonen vår er å selje berekraftige naturopplevingar i verdsklasse.

Se også

Kontakt oss

Kontakt oss

Skal du reise til Flåm og har spørsmål i samband med dette, kan du ta kontakt med oss på telefon og e-post eller komme innom kundesenteret i Flåm.