Informasjonskapslar

Ein informasjonskapsel er ei lita tekstfil som blir lagra på PC-en av nettstader du besøkjer. Informasjonskapslar blir mellom anna brukte til å gi brukarar tilgang til ulike funksjonar på nettstaden og er ein vanleg brukt metode for å loggføre kva sider som blir besøkte på ein nettstad.

Det nye regelverket rundt elektronisk kommunikasjon fastslår at alle besøkjande på ein nettstad skal kunne sjå kva informasjonskapslar nettstaden bruker, og kva dei ulike informasjonskapslane blir brukte til.

Nettstaden Visitflåm bruker berre desse informasjonskapslane:

Namn Blir brukt til
VisitFlam session
Value: XXX
Dette er ein såkalla økt-informasjonskapsel som er nødvendig for at nettstaden skal fungere. Denne blir sett når ein besøkjande går inn på nettstaden, og blir sletta att med ein gong brukaren lukkar nettlesaren.
Google TagManager:
_dc_gtm_xxx
_ga
Dette er ein tredjeparts informasjonskapsel frå Google TagManager. Desse blir brukte for å gi oss informasjon om korleis nettstaden blir brukt.

Google Analytics

Nettstaden Visitflåm bruker Google TagManager som verktøy for å få eit bilete av korleis besøkjande bruker nettstaden. Google TagManager bruker informasjonskapslar for å samle inn trafikkinformasjon i anonymisert form. Informasjonen seier noko om korleis besøkjande bruker nettstaden, for eksempel

  • tal på sidevisingar
  • tal på besøk
  • korleis den besøkjande kom til nettstaden

Føremålet med å bruke Google TagManager for Visitflåm sin del er at vi ønskjer å kunne gi relevant og god informasjon til dei besøkjande, og at nettstaden skal bli meir brukarvennleg.

Trafikkinformasjonen blir lagra hos Google Inc. IP-adresser blir lagra, men kan ikkje sporast individuelt tilbake til brukaren.

Korleis kan du unngå at det blir brukt informasjonskapslar på nettstaden?

Dersom du ønskjer at det ikkje skal brukast informasjonskapslar, kan du endre innstillingane i nettlesaren slik at han automatisk avviser informasjonskapslar eller spør deg kvar gong ein nettstad prøver å lagre ein informasjonskapsel.

Du finn informasjon om korleis du gjer dette, hos dei ulike nettlesarleverandørane. Søk i Google, eller bruk hjelpefunksjonen til den nettlesaren du bruker.

NB: Ver likevel klar over at dersom du ikkje godtek informasjonskapselen VisitFlam session, kjem ikkje nettstaden til å fungere som han skal.

Det er òg mogleg å slette informasjonskapslar som allereie er lagra på PC-en. Også dette gjer du på litt forskjellig måte i ulike nettlesarar. Du finn enkelt informasjon om det via hjelpefunksjonen til den nettlesaren du bruker.

Dersom du har fleire spørsmål rundt personvern og informasjonskapslar, må du gjerne kontakte oss.