Reisa til Flåm

Flåmsbana

Flåm, i hjartet av Fjord-Noreg, er lett tilgjengeleg anten du vel å komme med bil, tog, buss eller båt.

Næraste flyplass er Sogndal lufthamn Haukåsen, halvannan time med bil frå Flåm. Widerøe har fleire daglege avgangar til både Bergen og Oslo. Flåmsbana korresponderer med dei fleste toga på Bergensbana mellom Oslo og Bergen. Den 20 kilometer lange togturen frå høgfjellet på Myrdal ned til Flåm ved fjorden gir deg panoramautsikt over eit av dei vakraste fjord- og fjellandskapa i Vest-Noreg!
 
Velkomen til Flåm!