Hopp til innhald

Bestillingsvilkår

Dei generelle vilkåra gjeld mellom Flåm AS og andre som inngår avtale med Flåm AS i samsvar med stadfesting av bestillinga (gjesten). Avtalen kan gjelde bueining, reise, kjøp av andre produkt og tenester, eller ein kombinasjon av desse.

Kven er ansvarleg? 
Flåm AS, PB 42, N-5742 Flåm, organisasjonsnummer 982 897 424. Flåm AS stiller seg ansvarleg for alle transaksjonar som går gjennom nettstaden. Samarbeidspartnaren PayEX er ansvarleg for at kredittkortnummer og -kodar blir handterte tryggleiksmessig i samsvar med dei krava som er definerte i Payment Card Industry Data Security Standard (PCI DSS).

Underleverandørane våre
Vi er ansvarlege for at underleverandørane våre får betalt for det du har bestilt gjennom oss. Underleverandørane våre er ansvarlege for kvar sin del av programmet, medrekna fullstendige forsikringar, løyve, utstyr, bemanning og anna, og for å rette seg etter dei lovene og reglane som til ei kvar tid gjeld, og som kjem til bruk for underleverandøren. 

Avtalen 
Som seljar står Flåm AS ansvarleg overfor gjesten for det denne har krav på i samsvar med avtalen. Ansvaret for dei oppgåvene som skal gjennomførast av andre leverandørar enn Flåm AS, står dei aktuelle leverandørane sjølve ansvarlege for.

Som arrangør har Flåm AS plikt til å sørgje for følgjande: 
At skriftleg stafesting av bestillinga blir send til gjesten, med andre nødvendige dokument. 

Flåm AS har berre ansvar for reisa som skildra. Dersom slike avtalar blir inngått mellom tredjepart og kjøpar, skal avtalen gjerast skriftleg. Alle kundedata blir oppbevarte i samsvar med norsk lov, og ingen personlege data blir selde vidare til ein tredjepart.

Bindande reservasjon: 
Ein reservasjon er bindande så snart eit bestillingsnummer er tildelt, og betalinga er fullført. Det er gjesten sitt ansvar å kontrollere at framkomst- og avreisedato med alt anna som er vesentleg for bestillinga, er korrekt. 

Betaling: 
Gjesten skal betale 100 % av pakkekostnaden ved bestilling, via www.visitflam.com. Gjesten skal ta med og vise stadfesting på bestillinga ved framkomst. 3D Secure er aktivert for nettstaden.

 

Informasjon om avbestilling

 

Avbestilling av reservasjon utan forsikring:

  • Gjesten kan avbestille til Flåm AS. Flåm AS og pakkeleverandørar aksepterer berre avbestillingar og endringar som blir gjort av gjesten. Flåm AS pliktar å sende stadfesting på avbestilling/endring skriftleg.
  • Dersom avbestilling skjer 30 dagar eller meir før framkomst, blir heile beløpet refundert. 
  • Dersom avbestilling/endring skjer mindre enn 30 dagar før framkomst, blir beløpet ikkje refundert. 

Dersom du har kjøpt avbestillingsforsikring, gjeld følgjande:
Vi tilrår at alle kundane våre sjølv sørgjer for gode forsikringsavtalar før reisa i tilfelle sjukdom, tap av eller skade på reisegods, ulukke, erstatningsansvar og liknande.

Ved kjøp av avbestillingsforsikring hos Flåm AS kan kunden avbestille innan midnatt (24:00) dagen før oppstart av bestillinga. Då vil heile kjøpsbeløpet refunderast, minus summen av avbestillingsforsikringa (10 % av kjøpsbeløpet). Ein eventuell refusjon blir overført til kredittkortet som er brukt ved bestilling.

Endringar i bestillinga må skje innan kl. 16:00 dagen før avreise, med atterhald om ledig kapasitet.

Gjesten sine plikter: 
For å kunne bestille / inngå avtale med Flåm AS om ein reisepakke, må gjesten ha fylt 20 år. Minst ein person må ha fylt 20 år for å kunne bu i eininga. Dersom det er tvil om aldersgrensa, må personen kunne vise legitimasjon. Dersom aldersgrensekravet ikkje er oppfylt når bueininga skal overtakast, gjeld reglane for avbestilling (kvar enkelt leverandør sine avbestillingsreglar).

Gjesten pliktar å følgje ordensreglar, tilvisingar og føresegner som gjeld for reise, bueining og anna. Mellom klokka 23:00 og 07:00 pliktar gjesten å halde eit lavt støynivå, av omsyn til andre gjestar. Gjesten står fullt ansvarleg for alle eventuelle skadar som han/ho valdar/er årsak til.  Flåm AS eller underleverandørane har rett til å seie opp avtalen med direkte verknad, dersom gjesten eller nokon i gjesten sitt selskap oppfører seg forstyrrande og/eller gjer skade på bueininga eller området rundt.

Vi gjer gjesten merksam på at Flåm AS sine leverandørar kan ha eigne reglar og plikter, og at kunden er ansvarleg for å gjere seg kjend med desse.

Vidaresal av billettar til Flåmsbana er ikkje lov, og kredittkortet som er brukt til kjøpet, må takast med på turen og vere tilgjengeleg for kontroll.   

Kva om noko gjeng gale? 
Eventuelle feil/manglar skal meldast til den ansvarlege parten direkte på staden, slik at saka kan rettast opp i der og då. Dersom du ikkje har søkt oppreising i leigeperioden og dermed har gitt staden sjanse til å rette opp eventuelle manglar, kan du ikkje krevje kompensasjon i ettertid.

Dersom det skulle oppstå usemje mellom staden og bestillar når det gjeld kvalitet, feil eller manglar som måtte ha oppstått før eller under opphaldet, vil ikkje Flåm AS som formidlar vere part i ei slik sak.

Force Majeure / atterhald
Flåm AS står ikkje ansvarleg for konsekvensane av dårlege vêrforhold, stengde fasilitetar eller andre forhold som ligg utanfor selskapet sin kontroll. Skulle det oppstå feil, er Flåm AS i sin fulle rett til å kansellere bestillinga.