Hopp til innhald

Fusjon mellom Aurland Ressursutvikling og Myrkdalen Fjellandsby

Aurland Ressursutvikling, med dotterselskap Flåm AS, og Myrkdalen Fjellandsby slår seg saman. Det fusjonerte selskapet blir ein av Noregs største reiselivsaktørar, med ein årleg omsetnad på 1 milliard kroner for alle tilknytte selskap, 500 heilårs- og deltidstilsette og meir enn 1,2 millionar gjester i året. Selskapet planlegg å vekse videre etter coronakrisa.

Fusjon mellom Aurland Ressursutvikling og Myrkdalen Fjellandsby

Samanslåinga er ein perfekt kombinasjon som det er jobba med over lengre tid. Flåm er eit av verdas mest populære reisemål, med Flåmsbana og vakre Nærøyfjorden som hovudattraksjonar, og flest besøkande i sommarsesongen. Myrkdalen er ein populær vinterdestinasjon, med ein klar utviklingsstrategi innanfor det aktive heilårssegmentet.

Framover kan vi med dette tilby ein uslåeleg kombinasjon av ski, fjell og fjord i noko av det mest fantastiske landskapet Fjord Noreg har å tilby. Ambisjonane er store og med dette brøyter vi veg for ei spanande tid med fokus på heilårsutvikling.

Selskapa vil komplimentere kvarandre på ein unik måte. Dette vil gjere oss i stand til å satse endå sterkare på framtida. Vi gler oss til å setje i gang med vidareutviklinga i dialog med våre gode kundar og samarbeidspartnarar.

Dei respektive selskapa vil bestå, men no i en ny konsernstruktur. Kontaktpersonar og kundeforhold blir som før. Fusjonen får ingen konsekvensar for dagens kundeforhold på noverande tidspunkt.

Ta gjerne kontakt for utfyllande informasjon. Vi ser fram til eit vidare godt samarbeid.

For full pressemelding, les meir HER

Selskapsstruktur ARU-konsern

Aurland Ressursutvikling AS med dotterselskap og deleigde selskap utviklar og driv reiseliv og reiselivsprodukt. Verksemda, som er lokalisert i Flåm i Aurland kommune, marknadsfører og sel reiseopplevingar i nasjonale og internasjonale marknader. Selskapet er eigd av SIVA Eiendom Holding AS (47,39 %), Aurland kommune (39,98 %) og Sogn Sparebank (12,63 %).

Notis! Oppdatert selskapsstruktur kjem!

Historisk tidslinje

Aurland Ressursutvikling og det heileigde dotterselskapet Flåm AS har, saman med alliansepartnarar og deleigde selskap, bidrege til å utvikle eit reisemål i verdsklasse. Då verksemda vart etablert i 1997, hadde pilene peika nedover i lengre tid både for Flåmsbana og for reiselivet i regionen. Gjennom kundeorientering, eit blikk for regionen sitt potensiale og betydelege investeringar har ein lagt stein på stein og utvikla eit reisemål som resten av reiselivs-Noreg hentar inspirasjon frå.

Forretningside, Visjon og verdiar

Strategisk retning for ARU konsernet

Verksemdsområde

Konsernet omhandlar følgjande verksemdsområder

  • Sal og marknadsføring – distribusjon av produkt og opplevingar i den internasjonale marknaden, gjennom eigen digital distribusjonskanal
  • Overnatting og servering – Fretheim Hotel med tilhøyrande lobby bar og restaurant, Heimly Pensjonat, Toget Kafé, Flåm Bakeri og Hotel Aurlandsfjord (frå 2020)
  • Merchandise – sal av eigenutvikla produkt og souvenirar i butikkane Flåmsbanemuseet (butikk og museum), Flåm Store og Flåm Exclusive
  • Aurland Skofabrikk – produksjon og sal av den tradisjonsrike Aurlandskoen, vesker og anna tilbehøyr. Utvikling, produksjon og sal av ny modell under merkevara Aurlands
  • Forretningsutvikling – utvikle nye produkt lokalt og regionalt, samt ta ei rolle i utvikling av nye reisemål
  • Flåmsbana – sal, drift og utvikling av togopplevinga Flåmsbana mellom Flåm og Myrdal, drifta av selskapet Flåm Utvikling (eigd 50/50 mellom ARU og Vy)
  • The Fjords – drift og utvikling av fjordbaserte reiselivsopplevingar på Nærøyfjorden, Geirangerfjorden og Lysefjorden (eigd 50/50 mellom Flåm AS og Fjord1 ASA)

Pr 31.12 2019 hadde Flåm AS 80 faste tilsette. I tillegg har selskapet over 100 sesongmedarbeidarar.

I heile Flåm-klynga er det pr 31.12 2019 120 faste tilsette og det har jobba om lag 250 sesongmedarbeidarar gjennom 2019.

Flåm AS sin berekraftsstrategi – visjon nullutslepp

Klimautfordringane er globale og reiselivet som næring må også ta sitt ansvar for ei berekraftig utvikling. Kundane sine preferansar er i endring, der fleire og fleire reisande vel sine reisemål basert på klimamessige fotavtrykk.

Berekraftstrategi
I 2019 har Flåm AS etablert ein berekraftstrategi for selskapet. Denne er basert på FN sine berekraftsmål. Selskapet gjennomgår no alle verksemdsområde og skal utarbeide handlingsplanar for desse som bygger opp under strategien om å utvikle Flåm til eit nullutslepps reisemål.

Samarbeidspartar
Flåm AS samarbeider med ulike aktørar i sitt berekraftsarbeid. Lokalt er Aurland kommune, Aurland Hamnevesen og Visit Sognefjord viktige samarbeidspartar. I tillegg har selskapet inngått avtale med viktige nasjonale aktørar. Dei mest sentrale er
DNVGL: Samarbeidspartnar knytt til implementering av kvalitetssystem for å følgje opp og måle berekraftarbeidet vårt.
Bellona: Samarbeidspart i utvikling av selskapet sin berekraftsstrategi. Viktig medspelar i dialogen med fagmiljø og politikarar med tanke på berekraftig utvikling, særleg knytt til cruise. Bellona har også ei sentral rolle i vårt initiativ mot hamnevesen, cruise reiarlag, kommune og lokalt næringsliv for å skape ei felles berekraftig utvikling i Flåm.

Cruise
Flåm AS samarbeider tett med Aurland Hamnevesen for å sjå på konsekvensar og tiltak, samt arbeide for ein miljøvenleg cruise-politikk i Flåm.

Styret i Aurland ressursutvikling

Leiargruppa

Økonomiske rapportar

Årsregnskap

Tertialrapportar

2018 T2 2019
2017 T1 2019
2016 T3 2018
  T2 2018
  T1 2018
  T3 2017
  T2 2017
  T1 2017