Hopp til innhald

Booking & produksjonssjef

Flåm AS er ein av Noregs leiande reiselivsaktørar, og er største reiselivsmål i Noreg utanom dei store byane. Flåm AS og tilknytte selskap driv reisemålsutvikling med globalt sal og distribusjonsapparat og andre destinasjonskritiske operasjonar. Samla omsetjing er om lag 700 millionar og det er i dag 120 heilårstilsette og 200 sesongarbeidarar i alle selskapa. Verksemdene har god lønsemd og er i sterk vekst. Vi vil byggje våre konkurransefortrinn ved å skape innovasjon, produktivitetsutvikling og resultatfokus i tett samarbeid med strategiske partnarar.

Me driftar i dag Kundesenter med 6 fast tilsette og 29 sesongarbeidarar, som består av front desk, lokalt sal, booking og kai- og bussvertar. Me har avdeling for Produksjon med 2 tilsette og ein Booking avdeling.

Me ynskjer no å samle desse områda under ei leiing, der hovudoppgåve vert å bygge sterke kompetanseeiningar. Einingane skal vidareutvikle den teknologiske posisjonen til selskapet og svare til den ekspansive forretningsstrategien.

Stillinga skal rapportere til sal- og marknadsdirektør og vil inngå i leiargruppe innan sal- og marknadsavdelinga.

I Flåm vert du ein del av eit internasjonalt miljø, med fast tilsette og sesongarbeidarar frå over 20 nasjonalitetar. Naturen spelar på lag med oss og gjer det enkelt for oss å leve opp til våre verdiar: Ekte - Spektakulær – Gjestfri - Kompetent

ARBEIDSOMRÅDE:

  • Drift og utvikling av Kundesenter m/tilhøyrande ansvarsområde
  • Drift og utvikling av Booking avdeling
  • Drift og utvikling av Produksjonsavdeling
  • Utnytte teknologiske verktøy for å profesjonalisere og effektivisere salg, drift og kundekontakt.
  • Bidra i team med å løfte sal- og marknadsavdelinga sine oppgåver og resultat

ME SØKER DEG SOM:

  • Har relevant utdanning og erfaring frå tilsvarande rolle
  • Sterk fagleg kompetanse
  • Evne til å forstå moglegheitene i å gjere nytte av teknologi
  • Har gode eigenskapar som leiar og forstår kva som må til for å skape utvikling
  • Kommuniserer sikkert og tydeleg på norsk og engelsk, skriftleg og munnleg
  • Jobbar sjølvstendig og samarbeider godt med andre
  • Har sterk forretningsforståelse og er løysingsorientert i måten å tenke på
  • Har stor arbeidskapasitet

ME TILBYR

  • Konkurransedyktige vilkår
  • Gode karrieremoglegheiter
  • Moglegheit til å jobbe med ein leiande aktør i ein spanande og framtidsretta bransje
  • Eit spanande og internasjonalt arbeidsmiljø
  • Sentral stilling i ein avdeling med moglegheit til å påverke bedrifta sin utvikling

Arbeidsstad: Flåm

Selskapet har tilgjengeleg kontorplassar i Oslo og riktig person kan arbeide ut i frå det, men ein vesentleg del av arbeidstida vil vera i FLÅM.

Oppstart:            Etter avtale.

Søknadsfrist:     10. juli

For spørsmål om stillinga,  ta kontakt med Øyvind Holsen, Salg og Markedsdirektør – 48108705 eller Nils Asbjørn Lie – – 90510709