Hopp til innhald

Kundesenter – Booking– Sommarsesongen 2019

Me søkjer medarbeidarar i Bookingavdelingen i Flåm Kundesenter for sommarsesongen 2019 (mars-oktober).

Du må like å arbeide i eit hektisk og travelt miljø, samt like utfordringar der ein må løyse problem fortløpande der det er naudsynt. Du er strukturert, har god evne til å arbeide sjølvstendig, samt trivs i direkte kontakt med kundar.

Gode språkkunnskapar er ein fordel, og det er eit minimum at ein kan flytande norsk (eller annet skandinavisk språk) og engelsk, både munnleg og skriftleg. Erfaring frå eller kjennskap til reiselivsnæringa er ein fordel. Du er proaktiv og målretta i ditt arbeid.

Arbeidsoppgåvene vil blant anna vera:

- Sal- og kundebehandling, gjennomføring av bookingar (t.d. charter, dagsprogram,

grupper og individuelle) og deling av informasjon per telefon, e-post og chat

- Direkte kontakt med kundar og leverandørar, og å bidra til desse får korrekt

informasjon til ein kvar tid

- Å bidra til at våre kundar får ein god oppleving og den hjelpa dei treng.

Stillinga inngår i vaktlista for Turistinformasjonen i Kundesenteret, og inneberer arbeid helger og kveldstid.

 Vi har behov for fleire medarbeidarar i løpet av perioden april-oktober. Ver venleg og informer om når i denne perioden du kan jobbe, samt kva stilling du søkjer på.

Ynskjer du ytterlegare opplysningar om stillinga, ta kontakt med Kornelia Barzowska på telefon 57 63 14 00.

Skriftleg søknad med CV vert å sende innan 31.01.2019 til  

Flåm AS tenkjer heilskapleg reisemålsutvikling og har som filosofi at kulturen, naturen og servicekonsepta må spele saman for å gi den beste kundeopplevinga.

 Flåm AS legg til rette reiser og mektige opplevingar i Flåm og omland. Den moderne turisten i dag forventar å få ein smakebit av særtrekka til ein region på ein inspirerande, tilrettelagd og effektiv måte. Dette i tillegg til komfort, matopplevingar og service av beste kvalitet.

 Flåm AS er eit dotterselskap av Aurland Ressursutvikling AS og er eigd av Aurland kommune, SIVA Eiendom Holding AS og Aurland Sparebank.