Hopp til innhald

Butikkmedarbeider for perioden 20. august – 1. november 2019

Me søkjer etter ein blid og serviceinnstilt medarbeidara med kundetekke og salstalent. Du må like å arbeide i eit hektisk miljø, vera strukturert, kunne arbeide sjølvstendig og trivs i direkte kontakt med kundar. Gode språkkunnskapar er ein fordel.

Arbeidsoppgåvene vil blant anna vere å:

· Alltid gjere den beste og mest serviceinnstilte kundebehandlinga
· Stå i kassa og gjere sal, dagsoppgjer og vareteljing
· Sørgje for at det er god orden i butikken
· Bidra til sunn drift av butikk, eventyrlege salstal og oppnåelse av butikkens budsjett
· Fremme og følgje opp konsept for butikken
· Saman med avdelinga for varelagerstyring, sørgje for at me har rett produkt til rett tid tilgjengeleg

Erfaring frå liknande arbeid vil vera ein fordel, men er ikkje eit krav då opplæring vil bli gitt.

Me tilbyr konkurransedyktige lønnsvilkår.

Ynskjer du ytterlegare opplysningar vedrørande stillinga, ta kontakt med Birgittha Sandström eller på telefon 94022378.

Flåm AS er ein av Noregs leiande reiselivsaktørar og er største reiselivsmål i Noreg utanom dei store byane. Flåm AS og tilknytte selskap driv reisemålsutvikling med globalt sal og distribusjonsapparat, hotell, pensjonat, kafé, restaurantar, suvenirbutikk, Flåmsbana og fjordsightseeing samt kundesenter og andre destinasjonskritiske operasjonar. Samla omsetjing i våre selskap er om lag 450 millionar. Det er i dag 80 heilårstilsette og 200 sesongarbeidarar. Verksemda har god lønsemd og er i sterk vekst.