Hopp til innhald

Teamleiar Kundesenter (Booking)

Me har ledig 100% ny fast helårsstilling som Teamleiar Kundesenter (Booking)

Vårt kundesenter har fokus på gode holdningar og høg grad av kundeservice. 

Me søker difor etter ein motivert og engasjert person, som likar å jobbe i eit hektisk miljø. Du er strukturert og i stand til å jobbe sjølvstendig, og vil vera vårt ansikt utad til kunder og gjester.

Du som søkar må ha ei profesjonell haldning, gode kvalifikasjonar, vera kundeorientert og ha erfaring frå å leie team. Det vert forventa at du meistrar utfordringar og er ein del av det daglege arbeidet på avdelinga.
Du vil få relevant opplæring og me tilbyr ein spanande stilling i ei næring i sterk vekst. Her vil du  få moglegheit til å påverke eigen karriere og utvikling.
Det er ein fordel om du ynskjer å etablere deg i Flåm.

Arbeidsoppgåver vil vera:
Leie team, salg og kundeservice, booking og informasjon via telefon, e-post, chat og støtte til avdelingsleiar.

Arbeidsperioden er frå 01.01.2019.

Løn og tilsetting etter avtale – øvrige arbeidsvilkår i samsvar med Flåm AS sine retningslinjer.

Arbeidsstad: Flåm

Søknadsfrist er den 20.12.2018.

Om du ynskjer videre informasjon rundt stillinga, ver venleg å ta kontakt med Kornelia Barzowska på telefon +47 989 06 424

 

Send ein kort søknad med CV til Kornelia Barzowska til

Flåm AS er ein av Noregs leiande reiselivsaktørar og er største reiselivsmål i Noreg utanom dei store byane. Flåm AS og tilknytte selskap driv reisemålsutvikling med globalt sal og distribusjonsapparat, hotell, pensjonat, kafé, restaurantar, suvenirbutikk, Flåmsbana og fjordsightseeing samt kundesenter og andre destinasjonskritiske operasjonar. Samla omsetjing i våre selskap er om lag 500 millionar. Det er i dag 70 heilårstilsette og 120 sesongarbeidarar. Verksemda har god lønsemd og er i sterk vekst