Hopp til innhald

Spesialist sosiale media/Grafisk design

Vår marknadsavdeling skal utvide, og me søker etter ein spesialist på sosiale media / grafisk design. Hjå oss får du ein spanande stilling i eit framoverlent selskap med store vekstambisjonar.

Flåm AS er ein av Noregs leiande reiselivsaktørar, og er største reiselivsmål i Noreg utanom dei store byane. Flåm AS og tilknytte selskap driv reisemålsutvikling med globalt sal og distribusjonsapparat, hotell, pensjonat, kafé, restaurantar, Flåmsbana og fjordsightseeing samt kundesenter og andre destinasjonskritiske operasjonar. Samla omsetjing er om lag 700 millionar. Det er i dag 120 heilårstilsette og 200 sesongarbeidarar i alle selskapa. Verksemda har god lønsemd og er i sterk vekst. Vi vil byggje våre konkurransefortrinn ved å skape innovasjon, produktivitetsutvikling og resultatfokus i tett samarbeid med strategiske partnarar.

Eit solid kjennskap til sosiale media, digital kommunikasjon, digital annonsering, design, presentasjon og nokre trykkrelaterte marknadsoppgåver dannar grunnlaget for denne stillinga. Du vil få stor fridom og vil vera ein viktig bidragsytar til fleire av avdelinga sine prosjekt. Alt frå små kjappe leveransar til langvarige prosjekt. Du vil få sjølvstendige og faste oppgåver innan dine eigne ansvarsområde.

Stillinga skal vera med å styrke og utvikle vår posisjon som ein av dei leiande aktørane i bransjen.

Naturen spelar på lag og gjer det enkelt for oss å leve opp til våre verdiar:

Ekte - Spektakulær – Gjestfri - Kompetent

ARBEIDSOMRÅDE:

  • Operativt ansvar for våre SoMe-kanalar (FB, IG, YT, Snapchat, TripAdvisor)
  • Innhaldsproduksjon for SoMe og andre relevante kanalar
  • Ansvar for å produsere grafisk materiale på tvers av kanalar og målgrupper og jobbe med visuell promotering av våre produkt.
  • Oppfølging av performance marketing-tiltak relatert til digital annonsering i SoMe
  • Dialog med samarbeidspartar og byrå
  • På lik linje med andre i avdelinga, vera med å løyse sal- og marknadsrelaterte oppgåver, ut over kjerneområda.

KVALIFIKASJONAR ME SER ETTER:

  • Relevant utdanning og nokre år med erfaring innan grafisk design
  • Erfaring med ulike SoME - kanalar, og inngående kunnskap i FB Business Manager
  • Svært gode ferdigheiter i Photshop/XD, Illustrator, InDesign og/eller liknande verktøy
  • Kompetanse innan og interesse for digital marknadsføring
  • Kommunisere sikkert og tydeleg på engelsk og norsk, skriftleg og munnleg
  • Jobbe sjølvstendig og samarbeide godt med andre
  • Er engasjert og løysingsorientert

ME TILBYR:

  • Konkurransedyktige vilkår
  • Gode karrieremoglegheiter
  • Moglegheit til å jobbe med ein leiande aktør i Noreg innan reiselivet
  • Internasjonalt arbeidsmiljø
  • Ein sentral stilling der du får vera med å påverke utvikling

Høyrest dette spanande ut?  Me er engasjerte medarbeidarar i sal og marknadsavdelinga som gler oss til å få ein ny kollega. Kanskje er det deg?

Arbeidsstad:      Flåm

Flåm AS har tilgjengeleg kontorplassar på Voss og i Oslo som kan nyttast etter avtale.

Oppstart:            Etter avtale.

Søknadsfrist:     15. desember 2019

For spørsmål kring stillinga, ta kontakt med Even Hulleberg, Markedssjef, 99607639, even@visitflam.com