Hopp til innhald

Fond Veldedige Formål

VEDTEKTER FOR UTDELING AV GÅVEMIDLAR I REGI AV FLÅM AS

1. Storleik på "avsetning til gåver" vert fastsett i byrjinga av kvart år av Flåm AS.

2. Fordeling av midlane vert gjort av arbeidsmiljøutvalet i Flåm AS etter at den årlege søknadsfristen har gått ut.

3. Midlane skal delast ut til lag, foreiningar og ideelle tiltak i Aurland kommune.
Det kan delast midlar til privatpersonar som støtte til spesielle prosjekt av allmenn interesse.

4. Offentlege eller halvoffentlege institusjonar/tiltak vert ikkje støtta.

5. Gåveutdelinga vert annonsert i lokalavis, via sosiale media og https://www.visitflam.com/nn/information/fond-veldedige-formal/ med ein gitt søknadsfrist som må fylgjast for å kome med i tildelinga.

6. Frivillige lag og organisasjonar i Aurland kommune kan søke om tildeling av midlar ved å ta kontakt med Flåm AS på hrpost@visitflam.com. Søknaden må vera skriftleg, innehalda namn på lag/organisasjon, adresse, kontaktperson, formål med gåve og korleis dette kjem foreininga og/eller ålmenta til nytte.

7. Midlane skal nyttast til drift, prosjekt eller til investeringar av ulike slag til beste for lag/organisasjon/ålmenta. Formålet må omtalast og dokumenterast i søknaden.

8. Flåm AS kan om dei finn det ynskjeleg unnlate å dele ut gåvemidlar, eventuelt fordele alle midlane på ein eller fleire lag/organisasjonar.

9. Midlar som ikkje vert delt ut kan tilbakeførast selskapet eller førast over til "avsetning til gåver" for neste år.

 

Flåm AS – ein del av Aurland Ressursutvikling AS

Flåm AS er ein av Noregs leiande reiselivsaktørar. Flåm er største reiselivsmål i Noreg utanom dei store byane. Flåm AS og tilknytte selskap driv reisemålsutvikling med globalt sal og distribusjonsapparat, hotell, pensjonat, kafé, restaurantar, Flåmsbana og fjordsightseeing samt kundesenter, Merchandise og andre destinasjonskritiske operasjonar. Samla omsetjing er om lag 300 millionar. Det er i dag 74 heilårstilsette og 200 sesongarbeidarar. Vi vil byggje våre konkurransefortrinn ved å skape innovasjon, produktivitetsutvikling og resultatfokus i tett samarbeid med strategiske partnarar.