Hopp til innhald

UNESCO-verdsarv

Få stader i verda byr på eit så storslått landskap som dei vestnorske fjordane. Som eitt av to vestnorske fjordområde blei den vakre Nærøyfjorden i 2005 registrert på UNESCO si verdsarvliste. Den unike fjordarmen er 17 kilometer lang og berre 250 meter brei på det smalaste.

Fjellmassiva rundt fjorden stig stupbratt oppover til 1800 meters høgd, med brusande fossefall nedover fjellsidene. Fleire stader langs fjorden kan du sjå små gardar utan vegsamband – ei arv frå den tida fjorden var den viktigaste trafikkåra i området.

Nærøyfjorden er ein arm av den kjende Sognefjorden, og her kan du reise på båtcruise frå Flåm og Gudvangen (inst i Nærøyfjorden) kvar dag heile året.

Verdsarvstatus blir gitt til område som blir rekna for å ha særdeles flott natur eller stor kulturell verdi. UNESCO (Dei sameinte nasjonar sin organisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon) er ansvarleg for verdsarvlista, som har som formål å verne om verdas natur- og kulturarv.

 Etter at området blei ført opp på verdsarvlista, er det sikra å bli særleg godt verna og teke vare på, både no og i all framtid.