Hopp til innhald
Mann stuper ned i blikkstille Nærøyfjorden om sommaren
Flåmsbana køyrer ved sida av elva i frodige Flåmsdalen med kvite fjelltoppar i bakgrunnen
Future of The Fjords seglar i blikkstille Nærøyfjorden ein sommardag omkransa av høge fjell
Utsida av Fretheim Hotel i Flåm med frodige tre, blomar og grøne plenar
Historisk rom Fretheim Hotel i Flåm gule vegger og burgunder møblar
Frisk og fargerik grønsakstallerken på trefjøl Fretheim Hotel Flåm
snart tilgjengeleg for booking 2021

Eksklusiv fjell‐ og fjordkos i Flåm

Bestill no! Frå kr 3949,–

Utforsk hjartet av det ville landskapet i fjordnoreg. Denne eksklusive pakka kombinerer Flåmsbana, Fjordcruise på Nærøyfjorden og miljøfyrtårnet historiske Fretheim Hotel. Opplev attraksjonane og overnatt berekraftig med denne 'Grøne pakka'. Ein unik kombinasjon av fjell og fjord – alt med utsikt til det spektakulære verdsarvlandskapet.

Raudhåra kvinne står ved båtrekkja om bord Vision of The Fjords i Nærøyfjorden ein varm sommardag

Nærøyfjorden — Det beste av Noregs fjordar

Tettstaden Flåm er utgangspunktet for tallause aktivitetar i og rundt Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden, éin av to norske fjordar som er å finne på UNESCO si verdsarvliste. Der er han i celebert selskap med blant anna Geirangerfjorden og Bryggen i Bergen.

Den smale UNESCO-fjorden er omkransa av høge fjell og små bygder. Her og der fer fossar ned frå fjellsidene, noko som gjer stort inntrykk på sjølv den mest reisevande turisten. Nærøyfjorden er vorte kåra til eitt av naturens under av CNN, og National Geographic har tidlegare gjeve Nærøyfjorden tittelen «Verdas beste urørte reisemål».

Fjord Cruise på Nærøyfjorden går året rundt. Fjordane er vakre å sjå til, uansett årstid. Dette er gode nyhende for deg som ynskjer å oppleve desse reisemåla også utanom høgsesongen. Om våren kan du sjå buldrande fossar med smeltevatn og lysegrøne lier med fruktbløming. Sommaren kler fjorden med grøne fjellskråningar, og snø som framleis ligg på fjelltoppane rundt. Om hausten kan du nyte ein klar og lyseblå himmel som speglar seg i vatnet, og fjellsider i gult og raudt. Og om vinteren eit snødekt og stille landskap, der du kan høyre ei knappenål falle. Kvar årstid er vakker på sin måte, og desse naturperlene fortener eit besøk uansett tid på året.

Bestill no

Periode: Frå 20.05.–30.09. 2020

Pakka inkluderer

  • To netter på Fretheim (inkl. frukost og middag og oppgradert rom)
    Flåmsbana til Myrdal t/r
    Fjordcruise Nærøyfjord t/r
  • Lading av EL-bil inkludert

Ordinær pris: Frå kr. 5060,-  per. person 

Kampanjepris: Frå kr. 3949,-  per. person 

Lengd: Tre dagar

Tog
Båt
Servering
Overnatting
Kultur/ historisk
Landskap
Frå kr 3949,-
Passasjer om bord Flåmsbana tek bilete ut av vindauge av den frodige Flåmsdalen der ein ser heile toget

Flåmsbana – ei av dei vakraste togreisene i verda

Jernbanestrekninga mellom Flåm og Myrdal er også kåra til ei av dei største bragdene innanfor ingeniørkunst. Den vel 20 kilometer lange Flåmsbana tok nær 20 år å fullføre, frå 1923 til 1940. 80 % av strekninga har ein gradient på 5,5 %, og det er heile 20 tunnelar – ein av dei tek til og med ein 180 gradars sving!

Etter omtrent 50 minutt, inkludert eit fotostopp ved Kjosfossen, går du av toget på Vatnahalsen 811 moh, like før endestasjonen Myrdal.

Blomane bognar utanfor Fretheim Hotel i Flåm ein varm sommardag, høge fjell i bakgrunn

Historiske Fretheim Hotel

Eksklusive Fretheim Hotel syter for at du kan senke skuldrene og nyte det beste av kortreist mat etter ein avslappa dag på Nærøyfjorden og Flåmsbana. Sidan midten av 1800-talet når engelske lordar reiste til Sognefjorden med yachtane sine for å finne nye område for jakt og fiske, har Flåm vore ein kjær stad for turistar. Hotellet er modernisert fleire gonger i takt med endringane i turistindustrien, og står i dag fram som eit underverk ved fjorden.

Start dagen med god tid til å nyte frukosten på Fretheim Hotel. Ferskt brød og andre bakevarer frå Flåm Bakeri, sprøsteikt bacon frå Haugen Gardsmat og ferske grønsaker frå Sogn Jord- og Hagebruksskule og Lærdal sikrar at energinivået held seg utover føremiddagen.

Future of The Fjords passerer høg foss i Nærøyfjorden ein varm sommardag