Hopp til innhald
Songaren Frida Ånnevik sit på huk foran ei gamal rusta dør i ein mørk skog

Fjordkonsert med Frida Ånnevik på Nærøyfjorden

Bestill no! Frå kr 1645,–

Opplev ein unik fjordkonsert med Frida Ånnevik om bord på Future of The Fjords mens du seiler gjennom den majestetiske og spektakulære Nærøyfjorden. Med seg har ho sine fantastiske musikarar Andreas Løwe på tangentar, og Haldor Røyne på gitar, og saman snurrer dei deg inn i ei verd av sterk musikalsk nerve, personlige tolkningar, og nokre henimot dansbare beats!

Det elektriske fartøyet Future of The Fjords seglar i stille sjø haust i Nærøyfjorden

Future of The Fjords - Ein magisk konsert arena

Vårt heilelektriske fartøy Future of The Fjords på Nærøyfjorden er ei perfekt ramme for ein konsert med Frida Ånnevik. Å segle i stillheit, kombinert med Fridas melodiske detaljrikdom og det trollbindande landskapet, vil definitivt skape ei heilt spesiell oppleving. Velkomen om bord!

Bestill no

  • Future of The Fjords, laurdag 26. september 2020
  • Konsertpakke inkluderar: Billett, overnatting, middagsbuffet og frukost.
  • Individuelle billettar Kr. 595,- (Båt + konsert) kan bestillast på www.ticketmaster.no
  • Avgang Flåm havn pier 1: Kl. 17:00
  • Avreise Aurland: Kl. 17.25
  • Utendørs konsert om bord på båten, med Frida Ånnevik i Nærøyfjorden: Kl. 18.00 
  • Ankomst Aurland: Ca Kl. 19.30
  • Ankomst Flåm: Ca Kl. 20.00
  • Middag buffet på Fretheim Hotel: Kl. 20.15
  • For bordreservasjon, kontakt booking@fretheimhotel.no
Båt
Servering
Overnatting
Event
Frå kr 1645,-
Solnedgong bryter fjellside og lyser opp Future of The Fjords i Nærøyfjorden

Frida Ånnevik 2020

I Januar 2020 var Frida med i «Hver gang vi møtes» som blei sendt i beste sendetid på TV2 åtte laurdager på rad.

Der framførte og heidra Frida Ånnevik musikalske kollegar som Odd Nordstoga, Aslag Haugen, Chris Holsten og Tuva Syvertsen m.fleire.

I 2020 feirar også Frida sine første 10 år som artist, tekstforfattar og låtskrivar.

13. September ga Frida ut sitt femte album «Andre sanger». Albumet hausta eit lass med femmarar og fekk listeplass på NRK P3 og NRK P1! Kanskje har du høyrt både «Tenkt meg om» (Astrid S) og «Henger sammen» (Alicia Keys) på radio i haust. «Andre songar» er eit plateprosjekt som har blitt til over fleire år. Albumet består av 10 songar som betyr mykje for Frida, der ho har gjendikta eit vidt spenn av artistar og låtskrivarar som Joni Mitchell, Spice Girls, Astrid S, og Janis Ian. Med denne utgjevinga har Frida nok ein gong stadfesta sin posisjon som ein av landets beste tekstforfattarar. 

«Frida Ånnevik synger coverlåter, og oppnår målet med sånt: Å få det il å høres ut som et helt eget, personlig album» - Dagsavisen

3 gjestar blir servert av kelner inne på Arven Restaurant Fretheim Hotel ved panorama vindu
Fretheim Hotel eksteriør om hausten fjell med sol i bakgrunn