I denne tilbakelente fjordperlepakka i Aurland får du oppleve noko av dei finaste attraksjonane vi har å tilby medan du bur komfortabelt i vårt nye 'boutique style' Hotel Aurlandsfjord. Du seglar i stilla på den UNESCO-lista Nærøyfjorden med vårt heil- elektriske fartøy 'Future of The Fjords', medan du nyt dei spektakulære fjella som stuper ned i fjorden. Tilbake i Aurland lèt du deg fasinere av historia til den originale Aurlandskoen. Senk skuldrane med ein ‘Romantisk tur' til Stegastein Utsiktspunkt og la blikket vandre over dei storslåtte fjella i Aurland. Om du ynskjer, kan du tilretteleggje aktivitetane slik at du har ein dag fri til å utforske Aurlandsdalen også kalla 'elskovsdalen'.

Hotel Aurlandsfjord
Hotel Aurlandsfjord er eit fjordhotell i Aurland med ein roleg atmosfære, ein sentral overnattingsstad i UNESCO verdsarvsparken når du skal oppleve dei ulike attraksjonane og aktivitetane i Flåm-regionen. Seks minutts gange frå fjordhotellet til ombordstiging Fjord Cruise Nærøyfjord. Kort gange til buss som tek deg til Stegastein Utsiktspunkt og Flåmsbana.
Bestill no
Periode: Frå 01.06.–11.10.20
Pakka inkluderer
- To netter på Hotel Aurlandsfjord (inkl. frukost og middag tre dagar)
- Fjordcruise Nærøyfjord t/r
- Stegastein Utsiktspunkt - 'Romantisk tur'
- Guida tur Aurland skofabrikk inklusiv 10 % rabatt på full pris vare
Per vaksen i deluxe twin rom med balkong: Frå kr 3.699,- (spar 21 %)
Familiepakke 2 vaksne + 2 born i standard familierom: Frå kr 8.580,- (spar 22 %)
Familiepakke 2 vaksne + 1 barn i standard familierom: Frå kr 7.989,- (spar 21 %)
Lengd: Tre dagar
Finn roa i Aurland!

Fjord Cruise Nærøyfjorden
Segl den mektige Nærøyfjorden frå eit heilt nytt perspektiv om bord Future of The Fjords verdas fyrste heil-elektriske passasjerbåt. Båten representerer ein heilt ny standard innan design og teknologi der utforminga er designa for å maksimere turistopplevinga. Om bord i vårt miljøvenlege fartøy vil du ha ei storslått utsikt frå alle dekk og frå salongane inne. Den universelle utforminga av fartøyet gjer det mogleg for alle å bevege seg mellom dei ulike dekka saumlaust. Om bord kan du kose deg med mat og drikke frå kiosken. Dei store panoramavindauga syter for at dette blir ei fantastisk oppleving sjølv i dårleg vêr.
Future er søsterskipet til det premium-miljøvenlege hybridfartøyet Vision of The Fjords som i 2016 vann den prestisjetunge prisen 'Ship of the Year'.

Aurlandskoen Économusée
Unn deg ei omvising på «penny loafer»-fabrikken i bygda Aurland, ved den UNESCO-verna Aurlandsfjorden. Du får lære om handverkstradisjonen og historia til Aurlandskoen («the original penny loafer»), og sjå korleis skoen blir laga – i møte med skomakaren.

'Romantisk tur' til Stegastein
Utsiktspunktet Stegastein er definitivt inga løynd perle, heller eit must for alle som køyrer forbi. Det ikkje like mange har gjort, er å nyte utsikta over Aurlandsfjorden og verdsarvlandskapet i solnedgang. Absolutt verdt å få med seg i den perioda me tilbyr denne avgangen. Bygget heng 30 meter ut frå fjellsida, 650 meter over fjorden, og byr på eit panorama utan sidestykke. Ei meir fantastisk utsikt over fjorden, fjella og det flotte fjordlandskapet skal du leite lenge etter.


