Hopp til innhald
Flåmsbana køyrer gjennom den frodige Flåmsdalen ved den fossande elva ein solskinsdag med kvite fjelltoppar i bakgrunnen
Et ungt par på sykkel nyt utsikta frå dei stupbratte Myrdalsvingane ned Flåmsdalen
Gåande og syklande langs Flåmselva ein varm sommardag idet Flåmsbana passerer like ved
2 glade menneske køyrer Flåm Zipline side ved side ned Flåmsdalen
Syklar blir lasta opp i korger på Flåm Zipline ein regnvêrsdag
Flåm Zipline vaier sett frå toppen og ned den stupbratte Flåmsdalen
Rallarosa Stølsysteri i Flåmsdalen, menneske og geiter kosar seg utanfor
2 syklistar syklar over bru i Flåmsdalen sett i fugleperspektiv
snart tilgjengeleg for booking 2021

Flåmsbana, Flåm Zipline og sykkeltur

Bestill no! Frå kr 1199,–

Flåm byr på aktivitetar for alle. Av og til er det nesten vanskeleg å velje dersom ein berre har ein dag til rådvelde. Vi har derfor sett saman det perfekte dagsprogrammet for deg som ynskjer å oppleve ein actionfylt dag i Flåmsdalen med ei av dei flottaste togreisene i verda, Flåmsbana. Utfordre deg sjølv med Flåm Zipline og utforsk spektakulær natur på nært hald på sykkelsetet ned Rallarvegen.

Bilete teke frå Flåmsbana på kanten av ei stupbratt fjellside. 2 syklistar syklar på Rallarvegen 50 m lenger ned.

Flåmsbana

Med Flåmsbana, den brattaste og vakraste togreisa i verda, stig du frå null til 867 meter over havet på ein time, gjennom spektakulære Flåmsdalen. Reisa, som startar i Flåm og endar i Myrdal, tek deg gjennom mektige fjell, frodig natur og brusande fossar med bratte fall. Kjosfossen, Kårdalsfossen, Rjoandefossen og Brekkefossen. Toget har eit kort stopp ved Kjosfossen, der du kan gå ut og ta bilete på nært hald.

Bestill no

Periode: Frå 13.06.–11.10. 2020

Ordinær pris: Frå kr. 1480,- / Frå kr. 1065,- per person 

Kampanjepris vaksne/born: Frå kr. 1199,- / Frå kr. 899,- per person 

Kampanje gjeld berre online bestilling

  • Flåmsbana til Vatnahalsen 
  • Nordens lengste Zipline 
  • Leigesykkel Kårdal–Flåm (Rallarvegen)

Merk! Viktig å velje Zipline-avgang som korresponderer med tidspunktet Flåmsbana er på Vatnahalsen, då Zipline-billett varer i 1 time

Lengd: 3–6 timar

Syklar: Skal leverast ved kaien mot Flåm Marina innan kl: 20:00

Tog
Sykkel
Utkikkspunkt
Frå kr 1199,-
Geit kikkar forundra ved Rallarosa Stølsysteri i Flåmsdalen

Flåmsbana - fakta

  • Lengd på Flåmsbana 20,20 km
  • Høgdeforskjell 863,5 m
  • Høgastliggjande stasjon 865,5 m over havet
  • Lågastliggjande stasjon 2,0 m over havet
  • Brattaste stigning 55 ‰ – 1:18
  • Strekning > 28 % 16 km – -79,3 %
  • Min. kurveradius 130 m
  • Sporvidd 1435 mm
  • Spenning 15 000 V – 16 2/3 Hz
  • Maks. fart, km/t 40 km/t
  • Køyretid 60 minutt
  • Tunnelar 20
  • Bruer 1
  • Vasstunnelar 4
  • Haldeplassar 8

Flåm Zipline - praktisk info

  • Minimumsvekt 25 kg.
  • Maksimalvekt 140 kg.
  • Ikkje tillate å vere rusa.
  • Helse: Er du gravid, har rygg-, nakke-, hjarte-, lungeproblem, epilepsi eller andre sjukdomar som kan føre til anfall, bør du sjølv vurdere om det er forsvarleg å ta ziplinen.
  • Ved dårleg vêr kan ziplinen av tryggingsårsaker stengjast.
  • Syklar og større bagasje kan sendast ned med heisen utan ekstra kostnad.

Flåm Zipline - fakta

Nordens lengste zipline: 1381 meter

Toppfart: Omtrent 100 km/t

Høgdeforskjell: 305 meter

Rallarrosa Stølsysteri

Adrenalinet pumpar framleis når du 'landar' ved Rallarrosa Stølsysteri i enden av ziplinen. Bruk tida her til å dele opplevinga med andre, og senk pulsen med velsmakande ost, snacks, eit lett måltid og drikke medan du tek inn dei fantastiske omgjevnadene.

Her ystar dei brun og kvit tradisjonsost av fersk, rå geitemjølk. Geitene på stølen kjem frå Sogn Jord- og Hagebruksskule og Dalsbotten, ein gard om lag 10 km lenger ned i dalen.