Hopp til innhald
Nasjonale skattar i same pakke!

Flåmsbana og Fjord Cruise Nærøyfjord pakke

Bestill no! Frå kr 850,–

'Flåmsbana og Fjord Cruise Nærøyfjord pakke' kombinerar Flåmsbana og Fjord Cruise Nærøyfjorden som er to av våre finaste og mest spektakulære attraksjonar i hjarte av fjord Noreg. Turen startar i Flåm, innerst i Aurlandsfjorden ei sidearm av den mektige Sognefjorden. Du velger sjølv om du vil ta morgonstunda i den blkkstille verdsarvparken i Nærøyfjorden når sola bryter dei mektige fjella eller Flåmsbana når kuene vaknar. Uansett kan vi love deg flotte natur opplevingar som du kan lagre i minnebanken for resten av livet!

Med verdas vakraste togreise

Med Flåmsbana, verdas brattaste og vakraste togreise, stig du frå null til 867 meter over havet på ein time, gjennom spektakulære Flåmsdalen. Reisa som startar i Flåm og ender i Myrdal, tek deg gjennom mektige fjell, frodig natur og brusande fossar med bratte fall. Frå Flåmsbana kan du sjå blant anna Kjosfossen, Kårdalsfossen, Rjoandefossen og Brekkefossen. Toget har eit kort stopp ved Kjosfossen, der du kan gå ut og ta bilete på nært hold.

Om våren og hausten kan du også reise gjennom ulike årstider på vei opp fjellet. Om våren reiser du frå blomstringa i Flåm til det snødekte landskapet i Myrdal. Om hausten ser du alle dei sterke fargane som går over i ulike gulfargar langs vegen. Kanskje er du så heldig at du får sjå det første snøfallet i fjella.

Bestill no

Periode: Frå 01.06.- 31.10. 2020

Pakken inkluderar:
Fjord Cruise Nærøyfjord t/r frå Flåm 09:30, tilbake i Flåm 14:00 i kombinasjon med Flåmsbana t/r avgang kl. 14:35 eller 16:55
eller
Flåmsbana t/r avgang 08:50 tilbake i Flåm 10:57 eller Flåmsbana t/r avgang 11:35 tilbake i Flåm 14:08 i kombinasjon med Fjord Cruise Nærøyfjord t/r frå Flåm 15:00, tilbake i Flåm 19:30

Kampanjepris voksen: Spar 28%

Kampanjepris familie: Spar opp til 40%

Tog
Båt
Guiding
Kultur/ historisk
Landskap
Fotostopp
Frå kr 850,-

Nasjonale skattar i hjarte av Fjord Noreg

Nærøyfjorden – slåande vakker UNESCO-fjord

Nærøyfjorden er litt av eit syn, uansett årstid. I frost og snø om vinteren, med smaragdfarga vatn frå isbreane om våren, med grøne, blomstrande lier om sommaren eller i fargesprakande prakt om hausten.

Nærøyfjorden står på UNESCO si verdsarvliste. I 2004 kåra magasinet National Geographic fjorden til “Verdas beste urørte reisemål”

Den vakre og smale Nærøyfjorden er 17 km lang. Fjorden er ein avstikkar som går ut frå Aurlandsfjorden. Nærøyfjorden endar i den lille tettstaden Gudvangen, som ligg heilt inst i fjordarmen. På turen vil du oppleve brusande fossar, idylliske bygder og mange andre syn som du seint vil gløyme.