Hopp til innhald
Overnatting Heimly

Hagekonsert med CC Cowboys

Bestill no! Frå kr 1925,–

CC Cowboys har i 29 år vore garantistar for norsk rock av ypperste kvalitet. Velkommen til årets Hagekonsert på Fretheim Hotel!

Bandet CC Cowboys

Dei har oppnådd ei rekke utmerkingar, fått tildelt gull- og platinatrofé, hatt tusenvis av spelejobbar og har ei imponerande rekke hitlåtar på samvittigheita.

Hagekonsert 

  • Hotellhagen på Fretheim Hotel, laurdag 30.05.2020
  • Enkeltbillettar kr 595,- kan bestillast på www.ticketmaster.no
  • Kl. 18.30: Portane opnar
  • Kl. 19.00: Musikk ved Kai Martin Brekke Band og CC Cowboys
Servering
Overnatting
Event
Frå kr 1925,-

Norsk rock av ypperste kvalitet

Perfekt Normal

Sommaren 2018 kom bandet med sitt ellevte studioalbum «PERFEKT NORMAL». Eit album der dei går tilbake til røtene og reindyrkar det direkte og dynamiske uttrykket vi kjenner frå konsertane deira. Dei har spelt inn dette materialet meir eller mindre live i studio, og det kan høyrast på energien og nerven i både framføring og måten opptaka er gjort på. CC Cowboys har på denne plata latt seg inspirere av spontaniteten og råskapen frå 60/70-talets klassiske rock-innspelingar, men gjort det med ei moderne tilnærming.

God stemning

Hagekonserten på Fretheim Hotel har blitt ein tradisjon for mange, her er det både god musikk og ei hyggeleg stemning. Vårt dyktige personale ynskjer velkommen og tilbyr sal av mat og drikke i hagen.

Universelt tema

Fleire av låtene blei sleppt som singlar, og blei godt eksponert på norske radiostasjonar. Låta “Jeg vil vite alt” er ein låt med eit universelt tema, som alle kan kjenne seg igjen i, og det er Grønneberg på sitt aller beste: - Fortell meg om det stedet du kommer i fra, om gatene og vennene og din mor og din far, om ungdomstid og opprør og den første kjærlighet, var det ved første blikk eller en du kjente fra før, jeg vil vite alt.