Hopp til innhald

Gå eller sykle Flåmsdalen

Bestill no! Frå kr 390,–

Utforsk Flåmsdalen til fots eller frå sykkelsetet! Kombiner den vakre togreisa med Flåmsbana med ei idyllisk vandring ned frodige Flåmsdalen. Stien går langs siste delen av populære Rallarvegen og endar opp i Flåm ved Aurlandsfjorden.

Flåmsbana

Start turen med å ta  den mest populære togreisa i Noreg frå Flåm til Myrdal, opp stupbratte fjellsider i hjartet av fjordane. Du kan sjå desse majestetiske fossefalla på togturen opp til Myrdal og under fot- eller sykkelturen tilbake: Kjosfossen, Kårdalsfossen, Rjoandefossen og Brekkefossen.

Bestill no

Pakken omfattar følgjande:

  • Billett ein veg med Flåmsbana

Lengd: 20 km
Vanskegrad: Middels

{{fact.key}}:
{{fact.value}}
Tog
Sykkel
Vandring
Tursti
Kultur/ historisk
Landskap
Frå kr 390,-

Ein flott måte å kome tett på Flåmsdalen

Myrdal

Frå Myrdal stasjon går siste del av Rallarvegen ned Flåmsdalen til  Flåm. Vegen frå Myrdal er dei siste 20 kilometrane av den mest spektakulære sykkelruta i Noreg. Rallarvegen er den gamle anleggsvegen for anleggsarbeidarane som bygde Bergensbana. Den øvste delen er grusveg, medan den nedste delen er asfaltert veg med lokal person- og biltrafikk. 

Myrdalsberget

Eit høgdepunkt på turen er  Myrdalsberget, der vegen snirklar seg ned fjellsida i  21 hårnålssvingar før han følgjer dalbotnen og Flåmselvi vidare.

Rallarrosa stølsysteri  i Kårdalen er ein tradisjonell fjellgard som sel heimelaga geitost. Dette er ein flott stad å ta ein pause og smake ekte geitost.

Halvveges nede i dalen, ved Berekvam, kan du sjå jettegryter. Gardane i dalen blei busette lenge før jernbana og bilvegen kom, og er framleis i drift året rundt. Flåm kyrkje, bygd i 1667, ligg i gamle sentrum av Flåm, ved Håreina.

Turkart for Flåm

Flåm_Hiking_Map_NoEn_2018.pdf

Kart over Flåmsdalen finn du også på turistinformasjonen i Flåm.