Hopp til innhald

Julebordspakke med Creedence Forever

Bestill no! Frå kr 1745,–

Vi inviterer til ein stemningsfull julebordsaftan på Fretheim Hotel. I restaurant Arven byr vi på julemat og etter middag spelar Creedence Forever opp til konsert i Fretheimssalen. Dette vert ein førjulskveld du ikkje vil gå glipp av!

Fire personar skåler med rødvinsglas i restaurant Arven

Julebord på Fretheim Hotel

Kom i førjulsstemning hjå oss i Flåm! Hotellet er pynta til jul både ute og inne, og du kan slappe av i dei romslege og hyggelege lokala. Kvelden startar med aperitiff i Lobby bar, før det vert servert tradisjonsrik julebuffet i restaurant Arven. Våre dyktige servitørar gjev gjerne tips til passande drikke. Etter konserten i Fretheimssalen fortset ein duo frå bandet i Lobby bar, der gjestene kan nyte musikken frå tre etasjar.

Julebord med Creedence Forever

Laurdag 28. november 2020

Julebordspakka inkluderer:

  • Overnatting på Fretheim Hotel
  • Aperitiff
  • Julebuffet i restaurant Arven
  • Creedence Forever i Fretheimssalen

Pris frå kr. 1.745,- per person i dobbeltrom

Servering
Overnatting
Event
Frå kr 1745,-
Julebuffet i restaurant Arven på Fretheim Hotel

God stemning

Dette vert ein real festaftan. Etter middag får du oppleve det beste av musikken til Creedence Clearwater Revival. Dette vert garantert ei konsertoppleving av dei sjeldne. Frå heile sør-Norge er det meldt om utselde konsertar med fantastisk stemning. Dette er noko alle fans av Creedence må få med seg!

Dei fire bandmedlemmane i Creedence Forever og bilder av albumcover frå Creedence

Creedence Clearwater Revival tribute

Dei siste åra har Creedence Forever (tidlegare The Poor Boys CC Revival Band) markert seg som eit av Norges fremste Creedence tribute band. Her får d høyre alle dine favorittlåtar pluss låtar frå Creedence sine meir ukjente blues- og progsider. Dette vert garantert ei konsertoppleving av dei sjeldne.

Med rundt 50-60 spelejobbar i året, reknast Creedence Forever som eit av landets mest populære Creedence tribute band.

Creedence Forever har base i Bergen og består av Karl Henrik Svensson (vokal/gitar), Kristian Roset (bass/vokal), Jordan Saratonev (trommer) og Helge Laastad (gitar/vokal).

Kjelde: Creedenceforever.no