Hopp til innhald
Bandmedlemmane i Steinar Engelbrektson band

Julemat og Steinar Engelbrektson Duo

Bestill no! Frå kr 1745,–

Ta eit avbrekk frå julestresset og inviter din kjære til julebord og konsert på Fretheim Hotel. Fredag 4. og laurdag 5. desember har du moglegheit til å ta del i musikkgleda til Steinar Engelbrektson når duoen spelar opp til allsang og konsert i Fretheimssalen. Velkomen til ei førjulshelg i Flåm!

Ein person går opp den julepynta gangvegen mot Fretheim Hotel

Tradisjonsrikt julebord

Fretheim Hotel er pynta til jul både innandørs og ute, og vi garanterar julestemning i våre hyggelege lokale. Inkludert i overnattingspakka får du aperitiff, før buffeten med julemat står klar i restaurant Arven. Både fredag og laurdag spelar Steinar Engelbrektson Duo opp til allsang og konsert i historiske Fretheimssalen etter middag. Seinare flyttar dei til Lobby bar, der gjestene kan fordele seg på tre etasjar og nyte musikken

Julemat og Steinar Engelbrektson Duo

Fredag 4. og laurdag 5. desember 

Overnattingspakka inkluderer: 

  • Overnatting på Fretheim Hotel
  • Aperitiff
  • Buffet med julemat
  • Konsert med Steinar Engelbrektson band i Fretheimssalen og Lobby bar

Pris frå kr. 1.745,- per person per natt i dobbeltrom

Same program begge dagar

Servering
Overnatting
Event
Frå kr 1745,-
Dei fem mennene og kvinna i bandet Steinar Engelbrektson band

Steinar Engelbrektson Band

Bandet med ekte speleglede har base i vakre Nordfjord, og medlemmane i bandet kjem alle frå nordvestlandet. Mange har blitt glade i Steinar Engelbrektson Band som leverer dansbar countrymusikk til publikum. Spelegleda dei leverer frå scenen er det som kjenneteiknar bandet. Låtar som «På grunn av bagatellar», «Ikkje gje opp håpet» og «Heim til Nordfjord» skapar alltid stemning.

Duoen består av Steinar Engelbrektson og Sissel L. Sundby.

Kjelde: steinar-engelbrektson.no

Få eit avbrekk fra julestresset i Flåm