Hopp til innhald

Konsert med Silya Nymoen

Bestill no! Frå kr 1445,–

Silya & The Sailors skapar stemning på Fretheim Hotel laurdag 21. mars 2020. Silya er ein sterk scenepersonlegdom som saman med bandet sitt, The Sailors, spelar ei energifull musikalsk blanding mellom pop, rock og soul.

Silya & The Sailors på triotokt

Silya er ein sterk scenepersonlegdom som saman med bandet sitt, The Sailors, spelar fletta av dei fleste. Ho beveger seg i ein energifull musikalsk blanding som spenner frå pop og rock til soul.

Etter ein utseld turne med trio i februar 2018 og ein hektisk festivalsommar, legg Silya, Truls og Sigurd ut på ny triotokt våren 2020. Det vert framleis intim setting ispedd god energi, kjente og også nokre nye låtar. Når låtene vert strippa og framført i dette formatet, skapar desse tre musikarane sterke musikalske augneblink!

Silya & The Sailors

  • Laurdag 21. mars 2020
  • Konsertbillettar inkl. lett snacks kr 385,- per person, kan bestillast på www.ticketmaster.no.
  • Kl. 19.00 - 21.00: 3-rettar middag i Restaurant Arven
  • Kl. 20.00: Dørene opnar til konferanselobby og bar
  • Kl. 21.30: Konsertstart
Servering
Overnatting
Event
Frå kr 1445,-

Konsert med overnatting

Konsertpakke inkluderer overnatting og ein 3-rettar middag, basert på dei beste råvarene området vårt har å tilby i restaurant Arven.

Vinnar av Stjernekamp

Silya Nymoen er fødd og oppvaksen i Oslo. Etter studiar på Statens Balletthøgskole (KHIO), har ho blant anna jobba som aktiv låtskrivar og artist i USA gjennom 10 år. I 2013 vann ho "Stjernekamp" på NRK1 og har sidan spelt over 200 konsertar rundt om i landet.

The Sailors består av Truls Hval på gitar og Sigurd Evensen på trombone. Dei har begge breid erfaring frå ulike albuminnspelingar og TV-produksjonar.