Hopp til innhald
Songaren Frida Ånnevik sit på huk foran ei gamal rusta dør i ein mørk skog
Flåm, laurdag 1. mai

Morten Abel Duo på Legacy of The Fjords

Bestill no! Frå kr 1995,–

Velkomen til ei unik musikkoppleving med Morten Abel på Nærøyfjorden frå Flåm. Laurdag 1. mai tar den folkekjære musikaren med seg multiinstrumentalist Thomas Gallatin om bord på Legacy of The Fjords for ein heilt spesiell konsert.

Heilelektriske fartøyet Legacy of The Fjords på Nærøyfjorden

Legacy of The Fjords – ein annleis konsertarena

Vel om bord i vårt nyaste elektriske fartøy Legacy of The Fjords som tar deg lydlaust gjennom Nærøyfjorden ein frisk mai kveld. Her let du deg begeistre over stille batterikraft på fjorden der musikken har fullt fokus mens fjordbygdene glir forbi utanfor. Dette blir ein opplevelse du ikke vil la gå frå deg.

Velkomen om bord!

Bestill no

Laurdag 01.05.2021

Konsertpakke som inkluderar konsertbillett, middag buffet, overnatting og frukost.

  • 16.30: Ombordstigning på "Legacy of The Fjords" ved Flåm kai
  • 17.00: Avreise Flåm, konsert om bord
  • 20.00: Ankomst Flåm
  • 20.30: Middagbuffet på Fretheim Hotel

Kun konsertbillettar om bord 'Legacy of The Fjords'

  • Pris kr. 645,- per person
  • Billettar kan kjøpast på Ticketmaster her.
  • Merk! Arrangementet vil bli synlig om kort tid i arrangementkalendaren på Ticketmaster

Båt
Servering
Overnatting
Event
Frå kr 1995,-
Frida Ånnevik med gitar og konsertgjester som ser på om bord på elektrisk båt

Smittevern om bord

Din tryggleik er viktig for oss. Vi held oss til gjeldande smittevernreglar og oppdaterer desse når konserten nærmar seg.

Morten Abel og Thomas Gallatin

Morten Abel duo

Morten Abel har over 40 års erfaring som låtskrivar og artist. Med over 600 000 selde album og heile 5 Spellemannpriser, er han for lengst som ein institusjon å rekne i norsk musikkliv. Frå Mods til The September When via Peltz, og ikkje minst som soloartist, er Morten Abel ein musikar som stadig fornyar seg.

No får du ei unik moglegheit til å oppleve Morten Abel tett på. Saman med multiinstrumentalist Thomas Gallatin utforskar Abel det nære duoformatet.

Dei tar føre seg låtar frå heile karrieren til Abel og gjev dei nye drakter. Etter fire tiår som låtskrivar og entertainer, er Abel framleis ein av landets beste formidlarar, og skuffer aldri på scenen. Så du skal ikkje sjå bort ifrå at ei og anna overrasking dukkar opp, i tillegg til dei gode kjenningane.

«Vi har lenge hatt lyst til å gjera noko i et mindre format. Det er utruleg spanande, som å starte band for første gong», seier Morten Abel.

Kvinne med blafrande grønn kjole står med ryggen til i baugen og hevar eit glass mot Nærøyfjorden

En aldeles strålende konsert! Festivalguide.no