Velkomen til ei unik musikkoppleving med Morten Abel på Sognefjorden frå Sogndal. Fredag 30. april tar den folkekjære musikaren med seg multiinstrumentalist Thomas Gallatin om bord på Vision of The Fjords for ein heilt spesiell konsert.

Vision of The Fjords – ein annleis konsertarena
Det prisvinnande hybridfartøyet Vision of The Fjords på Sognefjorden er ei flott ramme for ein konsert med Morten Abel. Når båten seglar stille med batterikraft på fjorden er musikken i fullt fokus, medan fjordbygdene glir forbi. Dette vert ei oppleving du ikkje vil la gå ifrå deg.
Velkomen om bord!
Bestill no
Vision of The Fjords i Sogndal
Fredag 30. april
Pris kr. 645,- per person
Kjøp billett til konserten på Ticketmaster her.
- Stad: Dampskipskaien i Sogndal
- Ombordstigning: kl. 20.15
- Avgang: kl. 20.30
- Konsertstart: kl. 21.15
- Ankomst Sogndal: kl. 23.30

Smittevern om bord
Din tryggleik er viktig for oss. Vi held oss til gjeldande smittevernreglar og oppdaterer desse når konserten nærmar seg.

Morten Abel duo
Morten Abel har over 40 års erfaring som låtskrivar og artist. Med over 600 000 selde album og heile 5 Spellemannpriser, er han for lengst som ein institusjon å rekne i norsk musikkliv. Frå Mods til The September When via Peltz, og ikkje minst som soloartist, er Morten Abel ein musikar som stadig fornyar seg.
No får du ei unik moglegheit til å oppleve Morten Abel tett på. Saman med multiinstrumentalist Thomas Gallatin utforskar Abel det nære duoformatet.
Dei tar føre seg låtar frå heile karrieren til Abel og gjev dei nye drakter. Etter fire tiår som låtskrivar og entertainer, er Abel framleis ein av landets beste formidlarar, og skuffer aldri på scenen. Så du skal ikkje sjå bort ifrå at ei og anna overrasking dukkar opp, i tillegg til dei gode kjenningane.
«Vi har lenge hatt lyst til å gjera noko i et mindre format. Det er utruleg spanande, som å starte band for første gong», seier Morten Abel.

En aldeles strålende konsert! Festivalguide.no