Bli med på fjordcruise i Nærøyfjorden som er på UNESCOs verdsarvliste og ligg i eit av dei flottaste og mest populære fjordområda i Noreg. Rundturen med båt og buss har fleire avgangar kvar dag.

Nærøyfjorden
Den smale og spektakulære Nærøyfjorden er kransa av bratte fjellsider med snødekte toppar, som ragar opptil 1800 meter over havet. Brusande fossefall nedover fjellsidene og idylliske grender er ein del av landskapet. Området er vurdert til å vere eit av dei vakraste fjordlandskapa i verda, og står på UNESCOs verdsarvliste.
Bestill no
Rutetider: Fjord Cruise Nærøyfjord 2020.pdf
Merk! 15:00 avgangen frå Flåm og 17:30 avgangen frå Gudvangen vil bli kansellert for dagane mandag, tirsdag og onsdag frå og med 19. oktober til og med 28. februar.
Alle avgangar kansellert 24. og 25. desember. Avgangar mellom 28. desember og 1. januar, vennligst sjekk tilgjengeligheit i kalendaren i bestillingssystemet, eller kontakt kundesenteret i Flåm.
- {{fact.key}}:
- {{fact.value}}
Senk skuldrane og nyt utsikta så tek vi oss av transporten

Valet er ditt
Du kan velje å starte turen frå Flåm eller Gudvangen. Rundturen er ein kombinasjon av båt og buss, og tek deg attende til utgangspunktet.


Om vinteren
På vintercruiset vårt, som går i perioden 1. oktober til 30. april, er ikkje fartøy (premium eller klassisk) definert på førehand. Fjords DA har rett til å byte fartøy vurdert utfrå vêrforhold, kapasitet og vedlikehald. Ver merksam på at slike endringar kan skje på kort varsel. Du kan få informasjon om fartøya ved å ringe kundesenteret vårt:
Rutetider
Aurland–Flåm–Gudvangen skyttelbuss 2020
To typar fartøy driv fjordcruise på Nærøyfjorden
Klassisk: Ferje berre for passasjerar.
Premium: Nye passasjerbåtar.
Fakta
- Vikinggraver på Holmo, rett utanfor garden Bakka
- I vikingtida budde det meir enn 600 menneske her. I dag bur det mindre enn 100.
- Gudvangen – gudane sin plass
- Enorme snøskred har kraft til å blåse ut vindauge og dører på Bakka
Om bord
Få mest mogleg ut av fjordopplevinga,
– last ned NAVIGUIDING-appen. Tilgjengeleg på Nærøyfjord, Lysefjord og Geirangerfjord.
Mat og drikke
- Kafeen om bord serverer varme og kalde drikkevarer
- Stort utval av bakverk og smørbrød