Hopp til innhald
Utsikt gjennom oransje teltopning med grøn eng i front og høge fjell i bakgrunnen med kvite toppar
4 mennesker koser seg i sola på ei grøn eng i Nærøyfjorden mens guide tilberedar mat under eit solseil
2 menn og 1 kvinne vandrar langs den Kongelege postvegen i strandlinja langs Nærøyfjorden om sommaren
Et par paddlar i raud havkajakk i UNESCO Nærøyfjorden frå Dyrdal ein roleg sommardag med stupbratte grøne fjell
3 mennesker nyter utsikta frå fordekket på Future of The Fjords når den seglar gjennom spektakulere Nærøyfjorden
1 dags aktivitetspakke spar opptil 28%

Nærøyfjord Kajakk, Vandring & Cruise

Bestill no! Frå kr 1999,–

Nyt denne eindags, guida opplevelsespakken i spektakulære UNESCO-listede Nærøyfjorden, kor me padlar i den smale delen av fjorden, vandrar den gamle kongelege postruta i 'glamp' stil og seglar Nærøyfjorden frå Flåm til Dyrdal om bord på det miljøvennlege fartyget Future of The Fjords. Bu på ein av våre flotte overnattingsstader og la oss lage krusningar i fjorden saman!

Eit ungt par står klar til å paddle i Nærøyfjorden på stranda ein vakker sommardag med høge fjell i bakgrunnen

Nærøyfjord Kajakk, Vandring & Cruise

Tentativ reiserute:

0900 Guide møter deg i Flåm

0930 Fjordcruise Flåm – Dyrdal inkl. historieforteljing og tur info

10:50 Ankomst Dyrdal

11:00 Gjennomgang av utstyr, teknikk og sikkerheit

11:30 Me startar padleturen (Dyrdal-Styvi-Odnes)

12:30 Lunsj pause Odnes 

13:30 Paddling

14:30 Vandring og historieforteljing langs den Kongelege postruta (ca. 2 timar) Odnes - Bleiklindi

16:00 Me padlar tilbake til Dyrdal

17:00 Vi pakker saman utsyr og event. ein tur rundt i Dyrdal og snack

18:10 Fjord Cruise Dyrdal – Flåm

19:30 Ankomst Flåm og vi takker for følge!

Bestill no

Periode: 15.07-30.08.2020

Pakken inkluderar:

  • Fjord Cruise Nærøyfjord t/r frå Flåm-Dyrdal 09:30, tilbake i Flåm 19:30
  • Kajakk inkl. utstyr og opplæring
  • Guide: Cruise, kajakk, vandring og historieforteljing
  • Lunsj og ettermiddags snack

Start/stopp: Flåm havn pier 1 eller Aurland kai

Tid: 09:30-19:30 

Varigheit: 10,5 time 

Personar: Min. /Maks. 2-8 personar

Born: 1 born pr. vaksen, alders begrensing 6-15 år

Kampanjepris vaksen: Frå Kr. 1999,- Spar opptil 28%
Ordinærpris vaksen: Frå Kr. 2558,-

Gruppe aktivitet:  Generelle risikoreduserande tiltak Korona.pdf

Merk! Booking forespørsel må sendast inn før kl 12:00 dagen før.

Båt
Kajakk
Guiding
Servering
Tursti
Kultur/ historisk
Frå kr 1999,-

- me etterlet oss ingen spor, berre krusningar i vatnet -*

4 mennesker koser seg i sola på ei grøn eng i Nærøyfjorden mens guide tilberedar mat under eit solseil
Odnes | Nærøyfjorden

Vandring og historieforteljing

Ankomst med kajakk til Odnes kor me set opp leir og unnar oss ein lunsj, strekker på beina og delar stillheita i dei rolege omgjevnadane med forfriskande drikke. Me fortset med å vandre langs delane av den gamle Kongevegen, som vart brukt om vinteren frå midten av 1600-tallet for å frakte posten til Styvi når det var usikker is på fjorden. Derfrå rodde bøndene posten til Lærdalsøyri. I 1858 overtok dampbåtane postvegen. I dag er vegen ein enkel tur på ca. 5 km ein veg frå Styvi til Bleiklindi.

3 mennesker på avstand går på grøn eng ved strandlinja i Nærøyfjorden. Fossefall frå høge fjell langs den kongelege postruta.
Kongevegen | Nærøyfjorden

*NJORD – 'Seakayak and wilderness adventures'

Dette er eit samarbeid med NJORD - 'Seakayak and wilderness adventures' som har guidet mennesker i vår storslåtte natur sidan 1999. Med base i Flåm har dei gitt tusenvis av kundar ein flott dag ute - og satt standarden for kajakkpadling i dei vakre fjordane i Noreg.

Fartyget Future of The Fjords seglar i smaragdgrøne Nærøyfjorden om sommaren med høge bratte fjell i bakgrunnen
Future of The Fjords | Nærøyfjorden

Fjord Cruise i stillheit

Dei to fartyga Future- og Legacy of The Fjords representerar ein heilt ny standard innan design og teknologi. Dei er utforma for å gi ein maksimal opplevelse for turistane i all slags vær, med store vindauge og gangvegar som er inspirert av stiformasjonane i bratte fjellterreng. Passasjerane oppfordrast til å gå opp på toppdekket og nyte ei heilt anna naturoppleving samanlikna med dei tradisjonelle passasjerfartyga. Inne finn du nordisk inspirert interiørdesign med høg komfort.

Dette er heilelektriske fartyg som seglar langs dei mest sårbare og spektakulære delane av Nærøyfjorden, kun ved hjelp av 100% batteridrift og held ei hastigheit på mindre enn 10 knop.

Brunt båthus i Dyrdal med redningsbøye hengande på vegg over benkar på bryggje ved UNESCO Nærøyfjorden.
Dyrdal | Nærøyfjorden
Folk står på fordekket til Vision of The Fjords når det møter systerskipet Future of The Fjords på Nærøyfjorden.

Praktisk informasjon

Helse og fysikk

Sjølv om våre vanlege turar ikkje er anstrengande, anbefaler me at du ordnar personlig reise / medisinsk forsikring.

Vennlegast informer guiden din om du har fysiske forhold som kan påverke din glede av kajakkturen eller fotturen.

Sidan vi har 1 guide per 8 gjester, er vi normalt i stand til å skreddarsy tempoet på turen som let deg padle i ditt eige tempo. Om du er ute etter anstrengande trening, må du være oppmerksam på at våre vanlege turar ikkje er lagt opp til dette, du vil då bli bedt om å tilpasse hastigheita til dei andre i turfølgje og guidane sitt tempo.

*Merkevare: I partnarskap med NJORD - Seakayak and wilderness adventures

Kva skal eg ta med på turen?

Ta med ei stor flaske drikkevatn, solbriller, solkrem, ein caps/lue og kamera. Me har vanntette kamerakasser og vesker og du kan også låne ei padlejakke frå oss.

Ikke gløym å være forberedt på kaldt og eventuelt regnvær, vær så snill å kle deg for været, me anbefalar å ta med deg ei vind- og vanntett jakke + ein varm gensar i dagposen din, sjølv på fine dagar.

Sidan turen inkluderar ein enkel fottur, kan du bruke gode friluftssko. Under turen kan det være ein sjanse for ein symjetur i fjorden, så ta med badetøy og eit håndkle på solfylte dagar.

Brukar du medisinar? Ta med viktige personlige midler som trengs for astma, allergier, hjartesjukdomar osb.

Ikkj ta med

- Kopp, tallerken, bestikk

- Toalettpapir

- Flip flop sandalar eller høghælte sko

Me sørgjer for:

Kajakkar og alt kajakkutstyr

Lunsj, te og kaffe og ein matbit på vegen

Førstehjelpsskrin

Trena guide med gode historier og eit stort smil

Korleis er været i Flåm?

Vær oppmerksam på at Flåm og Aurland er blant dei tørraste områda på vestkysten av Noreg og ikkje kan samanliknast med Bergen med hensyn til mengde nedbør. Så vi har ein gyllen regel som det gamle ordtaket seier: “det er ikkje noko som heiter dårleg vær, berre dårlege klær”.

Du kan også sjekke ut været akkurat no på våre forskjellige web kameraer i og rundt Nærøyfjorden, Aurland og Flåm-området.

Kor kan eg bu i og rundt Flåm?

I Flåm og Aurland anbefala me å bu på ein av våre komfortable overnattingsstader: Historiske Fretheim Hotel i Flåm eller vårt nye 'boutique style' Hotel Aurlandsfjord i Aurland. Om du velger å bu i Aurland kan du starte derfrå. Kaia ligg 5 min gange frå Hotel Aurlandsfjord

Merk! Turen kan avlysast på grunn av dårleg vær eller andre uforutsatte omstendigheiter, eller om det ikkje er nok deltakarar.