Opplev kjende klassiske songar i spektakulære naturomgjevnader på Nærøyfjorden!

Opera, bobler og festmiddag
Frå Verdi sine operaklassikarar til Nærøyfjorden sine eigne Sivle-songar, blir dette eit heilt unikt fjordcruise på Future of The Fjords. Vi byr på champagne og sider på fjorden, følgt av ein nydeleg skaldyrmiddag på Fretheim Hotel når båten legg til kai.
Billetten inkluderer to glas drikke servert på båten og festmiddag på Fretheim Hotel. Fjordcruiset går tur/retur Flåm og tek omlag 2 ½ time. Alkoholfrie alternativ er tilgjengeleg på båten.
Opera & bobler på Nærøyfjorden
Laurdag 13. mars
Billettsalet startar i januar.
Avgang frå Flåm kl. 17.00
Arrangementet inkluderar:
- To glas drikke om bord på båten
- Konsert på Future of The Fjords
- Festmiddag på Fretheim Hotel: 4 retters fisk og skalldyr meny
Konsert og middag kr. 1.295,- per person
Konsert, middag og overnatting fra kr. 1.995,- per person

Klassiske songarar
Sopran Nora Oleanne Sårheim og tenor Johan Olsson er utdanna klassiske songarar, med brei erfaring frå både operaproduksjonar og konsertverksemd. Begge bur i Oslo, til liks med konsertpianist Andreas Løken Taklo, som akkompagnerer dei på båten.

Festmiddag på Fretheim Hotel
På kvelden har kjøkensjef Bjarte Finne planlagt ein symfoni av sjømat, med fisk og skaldyr av høgste kvalitet. Han og hans strålande team vil trylla fram ein nydeleg meny av både tradisjonelle sjømatklassikarar og nyskapande rettar, basert på dei beste råvarene kysten har å by på. Det er berre å gle seg!
Kultur og natur på sitt beste

Smittevern
Din tryggleik er viktig for oss. Vi held oss til gjeldande smittevernreglar og oppdaterer desse når konserten nærmar seg.