Planar om å sykle Rallarvegen? Ha ei aktiv helg med sykling frå Finse til Flåm, og bu to netter i vakre omgivnader på Fretheim Hotel.

Rallarvegen
Å sykle Rallarvegen er noko mange menneske drøymer om og har på ønskelista. Rallarpakken inkluderer eit aktivt opphald med flotte opplevingar, nydeleg mat, og tilsette som gjer sitt aller beste for at du skal ha det bra på historiske Fretheim Hotel.
Bestill no
Pakken omfattar følgjande:
- Overnatting to netter med frukost på Fretheim Hotel
- Middag om kvelden dag 1 og dag 2
- Sjølvlaga nistepakke dag 2
- “After-bike” med lokalt brygg og spekemat
Booking er foreløpig ikkje opna for sommaren, vennligst ta kontakt direkte på mail om du ynskjer å bestille: mail@fretheimhotel.no
Rallarvegen – eg skulle ønske han aldri tok slutt!

Vel fortent
Etter at du har sykla langs ei av dei mest praktfulle sykkelrutene i den norske fjellheimen, inviterer vi deg til velfortent “after-bike” med lokalt øl frå Ægir og spekemat. Om kvelden et du ein nydeleg middag med framifrå service, og overnattar i vakre omgivnader.

Skjemme bort deg sjølv
Lad opp kropp og sjel med det prisløna, lokale ølet Ægir og ein tallerken lokal spekemat.