Hopp til innhald

Nyt flotte dagar på ski i Myrkdalen Skisenter, med opphald på historiske Fretheim Hotel i Flåm. Me tilbyr gjestane ein gunstig pakke med overnatting to netter i standardrom med frukost og heiskort for to dagar i Myrkdalen.

Skieventyr i Myrkdalen

Familievennlege Myrkdalen er det største skisenteret på Vestlandet, og ligg på Voss, berre 45 minutt frå Flåm. Her finn du familievennlege skiområde, løyper i alle vanskegrader, terrengparkar, skicrossløyper og flott terreng for offpiste. Alt er lagt til rette for at både små og store skal kunne gle seg over å stå på ski.

Bestill no

Pakken omfattar følgjande:

  • To netter på Fretheim Hotel med frukost
  • Heiskort for to dagar i Myrkdalen Skisenter
Overnatting
Frå kr 1650,-

Det beste av to verder

Slapp av på komfortable og historiske Fretheim Hotel

Fretheim Hotel er stolt medlem av De Historiske Hotel & Spisesteder. Medlemsorganisasjonen femner fleire av dei mest sjarmerande hotella og serveringsstadene i Noreg. God mat og vennleg velkomst gir gjestane på Fretheim Hotel avslapping som involverer alle sansane! Maten blir for det meste henta frå nærliggjande gardsbruk, og kjøkenet på Fretheim kombinerer autentisk tradisjon og inspirerande innovasjon.

Historiske omgivnader

Hotellet ligg i hjartet av Flåm med eineståande utsikt over fjell og fjord. Den verdskjende Flåmsbana tilbyr ei jernbanereise du seint vil gløyme, eller du kan nyte eit fjordcruise gjennom UNESCOs verdsarvpark.

Nyt flotte dagar på ski i Myrkdalen Skisenter, og bu på historiske Fretheim Hotel i Flåm.

  • 22 varierte løyper i alle vanskegrader og totalt ni heiser
  • Skiutleige med breitt utval for alle aldrar og nivå 
  • Skiskule

Avstandar

  • Bergen til Flåm: 3 timar med tog og 2,5 timar med bil/buss
  • Oslo til Flåm: 5,5 timar med tog og 5 timar med bil/buss
  • Flåm til Myrkdalen: 45 minutt med bil