Velkomen til ein festleg kveld med Norges mest sportsgale komikar! Laurdag 20. mars tar Rasmus Wold med showet sitt til Fretheim Hotel i Flåm, og vi inviterer til ein kveld fylt med latter og god mat.

Standup og biff og burger buffet Fretheim Hotel
Samle gjengen eller kollegaene dine og bli med på ein latterfull kveld på Fretheim Hotel i Flåm. Kvelden startar med standupshowet "Sportsidiot" med Rasmus Wold i historiske Fretheimssalen, før biff og brurger buffeten står klar i restaurant Arven. Etter middagen er ferdig, spelar trubadur Jørn Kvalheim opp med konsert.
Bestill no
"Sportsidiot" med Rasmus Wold
Laurdag 20. mars 2021
Pakken inkluderar:
- Overnatting på Fretheim Hotel
- Biff- og burger buffet
- Standup i Fretheimssalen
Pris frå kr 1.645,- per person i dobbeltrom
Uten overnatting: kr 795,- per person
- Kl. 18.00: Biff og burger buffet i Restaurant Arven
- Kl. 22.00: Standup show
- Billettar til arrangementet kan bestillast på Ticketmaster.

Sportsidiot
Norges mest sportsgale komikar er klar med si aller første standupførestilling!
Rasmus Wold elskar sport, men trivs best i sofaen. Så korleis er det eigentleg å leve saman med ein sportsidiot? Og kva er viktigast av fotball og kjærast? Norge er utruleg nok verdas beste idrettsnasjon per innbyggar. Har dugnadsånda gått for langt i Norge eller har korrupsjon og doping blitt litt av sjarmen?

Rasmus Wold
Rasmus Wold er ein ung komikar som allereie er godt etablert i standupmiljøet. Han har masse erfaring frå TV, bl.a. frå «Helt Perfekt» med Thomas Giertsen, «Latter Live» på NRK og seinast som medprogramleiar i «Ramm, ferdig, gå!» saman med Nicolay Ramm. Han nyt óg suksess i desse dagar med den populære podkasten «Topp 3», som medprogramleiar saman med Mads Hansen. Rasmus Wold vart nominert til Stå Opp-prisen i 2019.
Kor mange fotballkampar er det greitt å sjå på ei helg? Er ekspertkommentator ein beskytta tittel? Er sjakk sport?
Dette og mykje meir er ting ein sportsidiot går rundt og grublar på – kjedeleg vert det i alle fall aldri. Velkomen til årets kanskje morosamaste sportsarrangement!

Smittevern
Din tryggleik er viktig for oss. Kapasiteten på arrangementa våre er redusert til 50 personar etter gjeldande smittevernreglar, og gjester vil sitje spreidd i den romslege Fretheimssalen.
I restaurant Arven er det god avstand mellom borda, i samsvar med gjeldande reglar. Alle gjestar får rettleiing i smittevern ved sjølvbetjening av buffet ved ankomst til restauranten, og ein finn antibac stasjonar og eingongshanskar lett tilgjengeleg.
Både i restauranten og på hotellet elles har vi gode rutinar for jamnleg reingjering og desinfisering av alle kontaktflater. Det skal vera trygt å vera gjest på Fretheim Hotel.