Hopp til innhald

Flåmsbana og Cafe Rallaren

Bestill no! Frå kr 640,–

Ta ein rast med storslegen utsikt på det høgaste punktet på jernbana. Kaffi og nydeleg, heimelaga svele ventar deg på Cafe Rallaren ved Myrdal stasjon. Her møtest Flåmsbana og Bergensbanen, 866 meter over havet.

Verdas flottaste togreise

Den vakre togreisa med Flåmsbana frå Flåm inst i Aurlandsfjorden og opp til høgfjellet ved Myrdal stasjon er unik. 20 kilometer lang med ei nedstiging på 866 meter, som svarar til ein hellingsvinkel på 1 til 18.

Flåmsbana er ei av de brattaste toglinjene i verda på normalspor, og køyrer gjennom ei rekkje tunnelar som slyngjer seg oppover fjellet. Reisa opp dalen tek ca. 60 minutt. Toget køyrer sakte og stoppar ved dei mest spektakulære høgdepunkta.

Bestill no

Pakken omfattar følgjande:

  • Flåmsbana tur/retur med fastsett avgang frå/til Flåm.
  • Kaffi/te og heimelaga pannekaker

Lengd: om lag 3 timar

Tog
Guiding
Servering
Kultur/ historisk
Landskap
Fotostopp
Frå kr 640,-

Rundtur – tog og kafé

Cafe Rallaren på Myrdal

Cafe Rallaren er ein koseleg, familiedriven kafé på fjellet, der du kan nyte ein god kopp kaffi med nydeleg, heimelaga svele. Inne i lokala kan du sjå mange antikvitetar, gamle bilete og utstyr som dei brukte i kafédrifta for mange år sidan. 

Myrdal på toppen

På det meste var det 110 fastbuande. Bygda hadde ei enkel kyrkje, og skulen blei bygd i 1920. Restauranten på Myrdal opna i 1909, i lokala som Cafe Rallaren no held til i. I dag er det ingen fastbuande på Myrdal.

Myrdals historie

Frå gamalt av var Myrdal fjellgard for bøndene i Flåmsdalen. Staden låg utanfor allfarveg, og dei færraste hadde høyrt om Myrdal. På slutten av 1800-talet, då Bergensbana opna, fekk Myrdal ny status. Frå å ha vore ein ukjend og avsides fjelldal, blei staden senter for det største byggjeprosjektet i landet.