Hopp til innhald

Vintereventyr i Fjord Noreg

Bestill no! Frå kr 5510,–

Utforsk hjarta av det ville vinterlandskapet i Fjord Norge. Pakka kombinerer snøparadiset Myrkdalen, Fjord Cruise på Nærøyfjorden og historiske Fretheim Hotel. Ein unik kombinasjon av fjell og fjord – alt med utsikt til det spektakulære verdsarvlandskapet.

Snørike Myrkdalen

Myrkdalen Fjellandsby er det største og mest snøsikre skisenteret på Vestlandet. Eit moderne anlegg med familievenlege område, løyper for alle nivå, terrengparkar, ski-cross løyper og eit fantastisk off-piste terreng. Her bur og et du godt på Myrkdalen Hotel, med ski-inn / ski-ut til løypene.

Bestill no

Inkludert i pakka:

  • Busstransport frå Flesland, Bergen til Myrkdalen
  • 2 eller 3 netter på Myrkdalen Hotel, inkludert halvpensjon
  • Busstransport frå Myrkdalen til Gudvangen
  • Fjord Cruise Nærøyfjord frå Gudvangen til Flåm på UNESCO Verdsarvlista Nærøyfjorden
  • 2 netter på Fretheim Hotel i Flåm, inkludert halvpensjon
  • Busstransport frå Flåm til Flesland, Bergen

Ankomstdagar: onsdagar eller søndaga

Program – Vintereventyr i Fjord Noreg

{{fact.key}}:
{{fact.value}}
Båt
Buss
Guiding
Servering
Overnatting
Landskap
Frå kr 5510,-

Velkomen til vinteren

Fjord Cruise Nærøyfjord og Flåm

Nyt eit fjord cruise med heil-elektriske Future of The Fjords på veg til Flåm. Med store panoramavindauge har du full sikt til snøkledde fjell, små fjordgardar og pittoreske Undredal, alt medan du sit godt inne i varmen. I Flåm er det eit stort utval av aktivitetar å utforske på eiga hand; Stegastein Utsiktspunkt, Flåmsbana, Fjord Safari, Trugetur eller Kulturell kveldstur og mykje meir. I Flåm bur og et du på historiske Fretheim Hotel.