Hopp til innhald

Vandrepakke i Aurland

Bestill no! Frå kr 2395,–

Fottur i norsk natur gir varierte og spektakulære opplevingar kor enn vi bevegar oss om det er langs fjorden, inn i djupe dalar eller krevjande toppturar. Aurland kommune har ein konsentrert og unik kombinasjon av fjord og fjellturar med forskjellige vanskeligheitsgrader for folk i alle aldrar

Vestnorsk Fjordlandskap

Når du er på fottur i Aurland kommune er du omgitt av eit dramatisk og røft fjordlandskap, dundrande fossefall og flott utsikt der du ferdas. Faunaen er rik med ørner og selar i fjorden og nokre gonger spekkhoggare. Landskapet varierar frå tett skog, frodige dalar, små og store fiskevatn, snøbrear til stupbratte og utilgjengelege fjell. Dei fleste av turane går i og rundt Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden som er på verdsarvlista til UNESCO. 

Ynskjer du å gå Aurlandsdalen, er Vandrebussen mellom Flåm og Østerbø/Vassbygdi no inkludert i overnattingspakka. God tur!

Helga 25. - 27. september tilbyr Myrkdalen guida fjellturar frå fjord til fjell og frå fjell til fjord. Laurdag er det tur til Breiskrednosi over Nærøyfjorden som startar med eit fjordcruise frå Flåm eller Aurland til Dyrdal. Søndag går turen frå Aurlandsfjellet til ned til Skjerdal ved Aurlandsfjorden. To flotte turar med dyktige guidar.

Bestill no

2 overnattingar på Fretheim Hotel

  • Standard rom med frukost
  • Lunch pakke
  • Forfriskningar når du kjem tilbake frå tur
  • 3-retters middag
  • Inkludert gratis buss frå Flåm til Østerbø og frå Vassbygdi tilbake til Flåm for dei som ynskjer å gå Aurlandsdalen. Sjå rutetider Vandrebussen Aurlandsdalen.
Vandring
Servering
Overnatting
Kultur/ historisk
Landskap
Frå kr 2395,-

Vill og urørt natur

Fottur i Aurland kommune

I kartet finn du våre anbefalingar til turar som passar både topptur- eller trenings entusiasten og mosjonisten. Klikk på tala i kartet for nærmare beskrivelse av turane.

  1. Aurlandsdalen 1,644 moh, 7 t, 16.6 km Gradering: Krevjande
  2. Prest 1,478 moh, 3–4 t, 2 km/tur- retur, Gradering: Krevjande
  3. Flåmsdalen 866–8 moh, (Flåm–Myrdal) 4–5 t, 20 km, Gradering: Medium +
  4. Rallarvegen 1,337 moh, (Haugastøl–Flåm 10 t), (frå Finse 5–6 t) Totalt 79 km, Sykkel, Gradering: Medium +
  5. Rimstigen 686 moh, 2.5 t, 2.6 km/tur- retur, Gradering: Krevjande
  6. Turlifossen 600 moh, 1–2 t, 2,5 km, Gradering: Medium +
  7. Hovdungo 600 moh, 2 t, ca. 6.9 km frå E16, Gradering: Medium +
  8. Volda/Bell 200 moh, 1.5–2 t, 4.12 km start frå Aurland sentrum, Gradering: Medium
  9. Vatnahalsen/Reinunga vatnet 800 moh, 2–4 t/tur- retur, Gradering: Medium

 

Tur kart

Kos deg med korte turar i og rundt Flåm. Du kan laste ned kart i lenkja under eller plukke dei opp i Flåm kundesenter:

Flåm tur kart (EN).pdf

Vil du ha meir detaljert info om rutene, vennlegst kontakt turist informasjonen i Flåm kundesenter.

Trygg ferdsel på tur

  • Bruk sko eller fjellstøvlar som har god støtte, tilpassa terreng og vær.
  • Ta alltid med vind og vann avstøytande klede.
  • Ekstra mat og drikke, gir både energi og kos på tur.
  • Sjekk værmeldinga i område før du legg i veg.
  • Gi alltid beskjed kva rute du skal gå.
  • Følg oppmerkde stier då terrenget i området kan være laust og med 'joer'*. *'Joer' er kor gras har vekst over hol mellom kløfter og store steinar, som ein ikke ser med det blotte auge.

Kjekt å vite

  • Mobil dekning i rute områda er ustabilt, så ta høygde for dette.
  • Hvis været blir for dårleg til å fortsette, følg stien tilbake til utgangspunktet.
  • I perioda 15. april til 15. september er det ikkje tillatt å tenne opp bål, grill og eingongsgrill i, eller i næleiken av, skog og all anna utmark i Noreg.
  • Førsøpling i naturen er forbode.
  • Tur stavar anbefalast då det gir god støtte både opp og spesielt ned når beina byrjar å bli sletne.
  • Pakk lett og ha det gøy!

Korleis komne dit?